Korrekturlesingsregel for luking av bokm ålsord

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Hei!

Eg har no lagt til ein ny og forhåpentlegvis nyttig regel i 
korrekturlesingsskriptet vårt. Han finn alle ord som er gyldige i bokmål 
men ikkje i nynorsk, dvs. som står i Bokmålsordboka men ikkje i 
Nynorskordboka.

Dette er spesielt nyttig for bøyingar, altså der same grunnord finst på 
både bokmål og nynorsk, men der dei har ulik bøying (eks. -ar på nynorsk 
-er på bokmål). Det hender ein vert overraska over kva ord som er 
hankjønnsord på nynorsk … :)

Det er òg nyttig for ord ein ikkje er klar over ikkje finst på nynorsk 
(eks. «øvrig» i «for øvrig» – på nynorsk må du skriva noko anna).

Ein kan lett komma i skade for å bruka slike ord, spesielt der ein 
baserer nynorskomsettinga på bokmålomsettinga.

Men dessverre er ordtilfanget i Bokmålsordboka og Nynorskordboka ikkje 
likt. Det er dermed mange «nynorskord» som berre finst i Bokmålsordboka. 
Dette gjer at ein vil få mange falske positive når ein køyrer skriptet. 
For eksempel er «ifølgje ordbøkene» dette ord som ein ikkje kan skriva 
på nynorsk, men som ein fint kan skriva på bokmål:

   – opphavsperson
   – fluktrute
   – trefarga
   – venting
   – låsing
   – poengsum
   – bonuspoeng
   – høgdeskrekk
   – hjernetrim

På grunn av dette vert korrekturlesingsregelen *ikkje* køyrd som 
standard, og ein må bruka omgjevnaden «mformsjekk» (kortform for 
«målformsjekk») for å ta han i bruk. Sjølve regelen har ID-en 
«bokmålsord», so for å køyra (berre) han, kan de bruka denne kommandoen:

   posieve check-rules -senv:mformsjekk -srule:bokmålsord

Håpar denne viser seg nyttig for å luka ut bokmålsord frå omsettingane våre.

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.