Re: Statusoppdatering for KDE på nynorsk
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Karl Ove Hufthammer skreiv 17. jan. 2016 15:12: > > Planen framover er å setta om «kdegraphics» ferdig. Her finn me > program som Okular, Gwenview og Kolourpaint. Og ikkje minst Spectacle, > som er det splitter nye KDE-programmet for å ta bilete av skjermen > (arvtakaren til KSnapshot). Og no er «kdegraphics» også ferdig. Neste prosjekt er å omsetta modulen «kdeedu». Som namnet tilseier, er dette ulike læringsverktøy. Nokon er av typen «leik-og-lær», og andre er meir vanlege nytteprogram, for eksempel for plotting av matematiske funksjonar. Her er det totalt 26 936 tekstar, der om lag 66 % er omsett frå før. Planen er å omsetta alle programma utanom KStars. Samtidig vil eg nok veksla litt mellom å omsetta på «kdeedu» og på programmet digiKam, som me finna i modulen «extragear-graphics», og som også vil vera kjekt å ha på nynorsk. -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn