Omsetting av Scratch til nynorsk
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Til orientering har eg no starta på ei omsetting av Scratch til nynorsk.
Scratch er eit enkelt men kraftig grafisk programmeringsspråk. Målgruppa
er ungar i alderen 8 til 16 år, men Scratch er moro for vaksne òg. Les
meir om det, og sjå videoar, på
https://scratch.mit.edu/about/
Og sjå imponerande eksempel på kva folk har laga på
https://scratch.mit.edu/
Vil du læra Scratch, finn du fine innføringar på norsk (bokmål) på
http://kodeklubben.github.io/scratch/
Eg er no ferdig med omsettinga av sjølve Scratch-programmet, men det kan
ta nokre veker før denne dukkar opp på Scratch-nettstaden. Det som
gjenstår, er omsetting av Scratch-nettstaden og brukarrettleiinga. Det
er mykje tekst, og vil ta tid. Førsteprioriteten blant desse er
nettstaden (kven leser bruksrettleiingar … ;) ).
I omsettinga har eg prøvd å følgja same terminologi som
bokmålsomsettinga så mykje som mogleg og rimeleg – saman med dei
språklege retningslinjene våre, sjølvsagt.
--
Karl Ove Hufthammer
_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn