Re: Omsetting av Scratch til nynorsk
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Karl Ove Hufthammer skreiv 16. feb. 2016 20:58: > Til orientering har eg no starta på ei omsetting av Scratch til > nynorsk. Scratch er eit enkelt men kraftig grafisk > programmeringsspråk. Målgruppa er ungar i alderen 8 til 16 år, men > Scratch er moro for vaksne òg. > > […] > > Eg er no ferdig med omsettinga av sjølve Scratch-programmet, men det > kan ta nokre veker før denne dukkar opp på Scratch-nettstaden. Det tok ikkje berre nokre veker, men halvannan *månad* før omsettinga dukka opp. Men no er ho endeleg der, og i mellomtida fekk eg omsett heile nettstaden, så han òg er tilgjengeleg på nynorsk. Det einaste som gjenstår å omsetta, er dei innebygde «tipsa» (ein slags hjelpefunksjon). Så no er det berre å gå til https://scratch.mit.edu/ og programmera – på nynorsk! :-D Og viss de finn skrivefeil, omsettingsfeil eller noko som bør forbetrast i omsettinga, berre send meg ein e-post. -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn