Ny versjon av SuperTux tilgjengeleg på n ynorsk

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Hei!

SuperTux er eit klassisk plattformspel med Linux-maskoten Tux i 
hovudrolla. Det er no ute i ny versjon, versjon 0.5.0, og dette er den 
første versjonen der ikkje berre spelet men òg alle tilleggsbretta er 
omsette til nynorsk. Moro for både små og store, med hundrevis av (meir 
eller mindre) utfordrande brett. Og i denne versjonen er det òg mogleg å 
laga sine eigne.

Last ned spelet til Linux, Mac eller Windows her: 
https://supertux.github.io/

For å få alle bretta på nynorsk, hugs å legga til den nynorske 
språkpakken. Det gjer du enkelt inne frå spelet, via «Oppsett → 
Språkpakkar».

Og som vanleg, meld frå om forslag til forbetringar av omsettinga 
direkte til meg, eller til denne lista.

-- 
Karl Ove Hufthammer


_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.