Re: Korrekturlesing av Ubuntu sin installasjonsvegvisar
Øystein Steffensen-Alværvik <[email protected]> Tue, 31 Jul 2018 15:06:20 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Eg har no lasta opp nokre tekstar som ikkje kom med i går, samt lagt til eit par forslag frå Alexander Jansen. Til orientering er «[nbsp]» i tekstane ein markør for harde mellomrom. Lenkje til fila som treng korrekturlesing: https://translations.launchpad.net/ubuntu/bionic/+source/ubiquity/+pots/ubiquity-debconf/nn/+translate Ein kan arbeide med omsetjinga direkte frå Launchpad, men eg synest det er meir effektivt å laste ned PO-fila, redigere ho lokalt, og laste ho opp igjen. Ulempa er at fila må gjennom ei godkjenning som tek ca. ein time, og uklare («fuzzy») tekstar kjem *ikkje* med. Den 31. juli 2018 00:05, skreiv Øystein Steffensen-Alværvik: > Hei, > > Er det nokon som kan tenke seg å hjelpe til med å korrekturlese > installasjonsvegvisaren til Ubuntu? Eg har omsett ferdig dei > resterande tekstane og korrekturlest ein del, men sidan dette er ein > viktig del av Ubuntu hadde det vore fint med fleire auge. Eg legg ved > PO-fila eg har omsett. Ho kan eventuelt lastast ned frå Launchpad, > viss det er enklare: > https://translations.launchpad.net/ubuntu/bionic/+source/ubiquity/+pots/ubiquity-debconf/nn/+export > > Endringar må uansett lastast opp til Launchpad, men kanskje er det > fint å sende dei til listene først for gjennomgang (viss denne > e-posten når fram er det muleg). Eg veit ikkje om Launchpad har ein > funksjon for å samanlikne endringar. > > > > _______________________________________________ > E-postlista i18n-nn > [email protected] > https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn -- Helsing, Øystein Steffensen-Alværvik _______________________________________________ E-postlista i18n-nn [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn