Re: Trengs epostlisten i18n-sme@?

Trond Trosterud <[email protected]> Mon, 20 Apr 2009 12:13:49 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.sami
Message-ID <[email protected]>
Petter Reinholdtsen kirjoitti 20. apr. 2009 kello 10.45:
> [Herman Robak]
>> Før vi skriver ut dødsattesten ...
>> Lever noe av aktiviteten videre andre steder?  I så fall; hvor?
> Hvilken aktivitet?  Det er ingen andre samlingspunkt for folk med
> interesse for samisk oversettelse av programvare, hvis det er det du
> tenker på.

Petter har rett: Dette er den einaste lista for fri  
programvarelokalisering
på samisk. I dag er det to slike initiativ:
- KDE på samisk (her ser det ut til at ingen følgjer opp arbeidet til  
Børre
   og dei andre i Skolelinuxprosjektet; det er ikkje aktivitet på  
denne lista,
   som Heaika peiker på, og det er berre automatisk oppdatering av  
omsetjingane)
- Wikipedia på samisk (her er det sporadisk aktivitet)

Men mangelen på aktivitet inneber ikkje, som eg ser det, at vi bør  
leggje ned lista. Derimot kan vi heller ikkje be Petter halde liv i ei  
liste utan aktivitet. Altså: Skjer det ting som kan gjere oss  
optimistisk?

Ja, rundt oss ser vi at det er krefter som gjerne vil ha Open Office  
på samisk.

I Giellatekno-prosjektet har vi planar om å sjå på om det er mogleg å  
bruke KDE-korpuset i lag med statistisk maskinomsetjing (Mosesdecoder  
+ GIZA), for dermed å gjere grovomsetjinga maskinelt, og deretter  
finpussen manuelt.

Når vi får i gang det prosjektet vil vi veldig gjerne ha denne lista.  
Så, eg er glad for at Petter held lista open, men eg kan ikkje love å  
fylle henne med relevante innlegg dei næraste par månadene (før vi  
evt. får prosjektet vårt i gang). Eit kompromiss kan kanskje vere at  
lista får lov til å flyte litt over med nigerianske helseartiklar for  
ei stund framover (mens lista tar seg ein dupp), men at vi ber Petter  
pent om å starte opp att så snart vi har noko å melde.

Trond.



----------------------------------------------------------------------
Trond Trosterud                                        t +47 7764 4763
Institutt for språkvitskap, Det humanistiske fakultet  m +47 950 70140
N-9037 Universitetet i Tromsø, Noreg                   f +47 7764 5216
Trond.Trosterud (a) uit.no              http://www.hum.uit.no/a/trond/
----------------------------------------------------------------------