Re: Namn i rekneark

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 21.02.2013 16:13, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
> Funksjonsnamn i rekneark.
> Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del 
> funksjonsnamn med feil eller manglar.
>
> *Ikkje omsette:*
>
>    BAHTTEXT. Forslag: BAHTTEKST. (Gjer eit tal om til tekst i Thai)
>    DATEDIF. Forslag: DATODIFF. (Tal på heile dagar, månader eller år
>    mellom to datoar)
>    EXP. Forslag: EKSP (som i Excel). (Eksponenten av grunntalet e)
>    Desse skulle det vere kurante å bruke?
>
> *Ulikt nb og nn:*
>
>    LOOKUP -> SLÅ.OPP (Nå: (nn) SLÅ.OPP / (nb) FINN.NÅ / (Excel) SLÅ.OPP) 
Her har eg rota litt.
I LibreOffice 4.0 er desse omsette på bokmål. Der heiter det
     BAHTTEKST, DATODIFF, EKSP OG SLÅ.OPP.
Denne delen av originalinnlegget kan såleis sløyfast.

Orsakinga for meg er at den maskinen eg køyrde bokmålsversjonen på ikkje 
var oppdatert. (Har ikkje funne noen måte å køyre to versjonar 
samstundes på same maskinen).

Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.