Re: Namn i rekneark
Thomas Nygreen <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <CALHNUvEiWNYp6k_+jfRA3xidBHgzp1EWPQaRqwkqSgC9m7k1VA@mail.gmail.com> |
2013/2/21 Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> > Funksjonsnamn i rekneark. > Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del > funksjonsnamn med feil eller manglar. > > (...) > > *Retting av feil:* > Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på > nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør > bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: > CSC og CSCH) > Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH eller > HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH). > Dette bør det vel også vere relevant å rette opp? > Excel har SEC, SECH, CSC og CSCH. Eg føretrekk framleis desse framfor dei fulle namna. Det er ingen som brukar desse utan å kjenne kortnamna. > *Spesielt for nynorsk:* > > COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål: > ANTALL) > COUNTA er nå TALA. Forslag: TAL.PÅA (Bokmål/Excel: ANTALLA) > COUNTIF er nå TAL.DERSOM. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM (Bokmål/Excel: > ANTALL.HVIS) > COUNTIFS er nå COUNTIFS. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM.SETT (Bokmål/Excel: > ANTALL.HVIS.SETT) > Desse funksjonane er blant dei mest brukte, og dei har etablerte namn, så eg er særs skeptisk til å endre dei. TAL.PÅA funker heller ikkje i mine auge. Som ein konsekvens føreslår eg at COUNTIFS vert kalla TAL.DERSOM.SETT. > DERSOM / VISS > Eg har lufta det før, men for å vere sikker prøver eg igjen. > Er det råd å bytte DERSOM med VISS? > Ut frå responsane eg fekk tidlegare her, bør det bli VISS, men talet på > svar er i minste laget tykkjer eg. (Til underretning: VISS er også lov på > bokmål). > > Å i staden gå over til det språknøytrale OM for nb og nn er vel utopi, > sjølv om det er brukt på svensk. TAL.PÅ.OM.SETT ser jo i første omgang litt > rart ut, men t.d. OM(A1<5;"Mindre") ser greit ut. > Hadde spart to tastetrykk kvar gong på å bruke OM i staden for VISS. :-) > Om du endrar namn på DERSOM, trur eg du må kompensere med å sende alle nynorskbrukarar av LibreOffice noko passe mykt å stange hovudet mot ;) -thomas _______________________________________________ i18n-no mailing list [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no