Re: Namn i rekneark

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 27.02.2013 07:10, skreiv Thomas Nygreen:
> 2013/2/21 Kolbjørn Stuestøl <[email protected] 
> <mailto:[email protected]>>
>
>     Funksjonsnamn i rekneark.
>     Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein
>     del funksjonsnamn med feil eller manglar.
>
>     (...)
>
>     *Retting av feil:*
>     Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT
>     både på nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg
>     også CSCH som bør bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare)
>     HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: CSC og CSCH)
>     Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og
>     SECH eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH).
>     Dette bør det vel også vere relevant å rette opp?
>
>
> Excel har SEC, SECH, CSC og CSCH. Eg føretrekk framleis desse framfor 
> dei fulle namna. Det er ingen som brukar desse utan å kjenne kortnamna.
Kva med feilrettinga. Kva bør vi velje her?
>
>     *Spesielt for nynorsk:*
>
>        COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål:
>        ANTALL)
>        COUNTA er nå TALA. Forslag: TAL.PÅA (Bokmål/Excel: ANTALLA)
>        COUNTIF er nå TAL.DERSOM. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM (Bokmål/Excel:
>        ANTALL.HVIS)
>        COUNTIFS er nå COUNTIFS. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM.SETT (Bokmål/Excel:
>        ANTALL.HVIS.SETT)
>
>
> Desse funksjonane er blant dei mest brukte, og dei har etablerte namn, 
> så eg er særs skeptisk til å endre dei. TAL.PÅA funker heller ikkje i 
> mine auge. Som ein konsekvens føreslår eg  at COUNTIFS vert kalla 
> TAL.DERSOM.SETT.
Er i grunnen einig. Og sjølvsagt heilt samd i at vi må vere konsekvente. 
Bruker vi TAL må vi også bruke TAL.DERSOM.Sett.
Språk er ein vane og har ein lært seg eit namn på ein funksjon elller 
kva det er, betyr namnet i seg sjølv ikkje så mykje. Veit ikkje kor 
mange det er som er vane med å bruke rekneark frå før. Eg tenkte kanskje 
helst på dei, som tilliks med meg sjølv, er nye med LibreOffice. I 
innlæringsfasen er det greit med fornuftige namn som er lette å hugse.
>
>     DERSOM / VISS
>     Eg har lufta det før, men for å vere sikker prøver eg igjen.
>     Er det råd å bytte DERSOM med VISS?
>     Ut frå responsane eg fekk tidlegare her, bør det bli VISS, men
>     talet på svar er i minste laget tykkjer eg. (Til underretning:
>     VISS er også lov på bokmål).
>
>     Å i staden gå over til det språknøytrale OM for nb og nn er vel
>     utopi, sjølv om det er brukt på svensk. TAL.PÅ.OM.SETT ser jo i
>     første omgang litt rart ut, men t.d. OM(A1<5;"Mindre") ser greit ut.
>     Hadde spart to tastetrykk kvar gong på å bruke OM i staden for
>     VISS.  :-)
>
> Om du endrar namn på DERSOM, trur eg du må kompensere med å sende alle 
> nynorskbrukarar av LibreOffice noko passe mykt å stange hovudet mot ;)
Er nok redd for det.
Igjen dette med vanen. Eg blei vel litt frimodig då eg oppdaga at den 
som har skrive rettningslinjer for omsetjing 
(http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html#destHeader22) bruker 
viss. DERSOM er såpass mykje brukt i rekneark, i alle fall av meg, at ei 
innsparing på noen tastetrykk faktisk betyr litt. (Eg veit det, eg kan 
setje opp til automatisk ifylling slik at når eg skriv DER så fullfører 
programmet automatisk slik at ordet blir DERSOM.

Eg har ingen planar om å endre noe som helst i LibreOffice Calc utan 
godkjenning frå denne lista, sjølv ikkje feil. Men har altså noen 
innspel av og til.

Helsing
Kobjørn
>
> -thomas
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.