Re: Pology
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
må. den 20. 05. 2013 klokka 23.19 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl: > Installerte først Python for Windows. Fann ingen køyrbare utgåver av > Pology for Python uansett system. Installerte difor via Cygwin frå > pology-0.11.tar.bz2. Følgde rettleiinga i README: > > cd pology-kjelde > mkdir build && cd build > cmake .. > make && make install > > Alt fint så langt. Fekk som venta ei mappe med namnet pology/build der > eg reknar med at alt eg treng ligg. Men så stoppa det for meg. Det er ikkje nødvendig å installera Pology; du kan køyra det direkte frå der det ligg (Cygwin var altså unødvendig). Du køyrer sjekkeskriptet vårt slik: python /adresse/til/pology/binposieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn omsettingsfil-eller-mappe Viss ikkje «python» ligg i søkjestigen, oppgje sjølvsagt fullstendig adresse til fila. Det er forresten truleg ein fordel å køyra skriptet gjennom Cygwin (og då via Cygwin sin Python-versjon) i staden for gjennom eit Windows terminalvindauge, når eg tenker meg om. Du får då fargar i sjekkrapporten. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ i18n-no mailing list [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no