Re: Pology

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Installering av Pology på Cygwin var svært enkelt når eg først fann ut 
av det. Tar med oppskrifta i tilfelle andre skulle ha glede av det.

Lasta ned fila pology-0.11.tar.bz2 og la denne i mappa cygwin/bin/pology.
Kommandoar i Cygwin:
     $ cd /
     $ tar xjf /pology/pology-0.11.tar.bz2
Dette installerte pology i mappa cygwin/usr/local.
Lasta ned dei omsette po-filene og kalla mappa lo-UI-nn. La denne mappa 
i cygwin/bin/pology.

Kommando i Cygwin:
$ python /usr/local/bin/posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn 
lo-UI-nn > forslag.txt

Fekk ut fila forslag.txt med forslag til forbetringar.
Vist direkte på skjermen, dvs. utan "> forslag.txt", fekk eg ut forslag 
i fleire fargar. Lett å fine fram i.

Akkurat nå ligg https://translations.documentfoundation.org/nn/libo_ui/ 
nede ( «The server is closed for maintenance. Please check back later») 
så eg har bare prøvd Pology på andre po-filer. Pology ser ut til å vere 
eit godt hjelpemiddel.

Korleis får eg ut ei liste over alternative kommandoar? Reknar med at 
det finst andre alternativ enn "--skip-obsolete check-rules".

(Eg prøvde først oppskrifta som ligg i README-fila for Pology, men fekk 
ikkje den metoden til).

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
Den 21.05.2013 06:22, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> må. den 20. 05. 2013 klokka 23.19 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
>> Installerte først Python for Windows. Fann ingen køyrbare utgåver av
>> Pology for Python uansett system.  Installerte difor via Cygwin frå
>> pology-0.11.tar.bz2. Følgde rettleiinga i README:
>>
>>      cd pology-kjelde
>>      mkdir build && cd build
>>      cmake ..
>>      make && make install
>>
>> Alt fint så langt. Fekk som venta ei mappe med namnet pology/build der
>> eg reknar med at alt eg treng ligg. Men så stoppa det for meg.
> Det er ikkje nødvendig å installera Pology; du kan køyra det direkte frå
> der det ligg (Cygwin var altså unødvendig). Du køyrer sjekkeskriptet
> vårt slik:
>
> python /adresse/til/pology/binposieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn omsettingsfil-eller-mappe
>
> Viss ikkje «python» ligg i søkjestigen, oppgje sjølvsagt fullstendig
> adresse til fila.
>
> Det er forresten truleg ein fordel å køyra skriptet gjennom Cygwin
> (og då via Cygwin sin Python-versjon) i staden for gjennom eit Windows
> terminalvindauge, når eg tenker meg om. Du får då fargar i sjekkrapporten.
>



_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.