Re: Pology
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
to. den 23. 05. 2013 klokka 17.04 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl: > Fekk ut fila forslag.txt med forslag til forbetringar. > Vist direkte på skjermen, dvs. utan "> forslag.txt", fekk eg ut > forslag i fleire fargar. Lett å fine fram i. På Linux er det endå enklare, for der kan programmet opna dei aktuelle tekstane i omsettingsprogrammet Lokalize automatisk. > Korleis får eg ut ei liste over alternative kommandoar? Reknar med at > det finst andre alternativ enn "--skip-obsolete check-rules". Vel, få som du har bruk. «posieve» er eit verktøy for å gjera mange ulike operasjonar på .po-filer. Du kan prøva «posieve --help» og «posieve --list-sieve-names». Eg likar «posieve stats», då denne gjev statistikk på ord- og teiknnivå i tillegg til på meldingsnivå. «posieve find-messages» kan òg vera nyttig, då denne støttar regulære uttrykk. Men det er altså «check-rules»-delen me brukar for finna språkfeil. Denne får du info om med «posieve check-rules -H». Det mest aktuelle her er vel «-saccel:». LibreOffice-filene brukar vel eit anna teikn («~»?) enn standard («&») for snøggtastar. -- Karl Ove Hufthammer http://huftis.org/ Jabber: [email protected] _______________________________________________ i18n-no mailing list [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no