Re: Pology

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 23.05.2013 21:07, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> to. den 23. 05. 2013 klokka 17.04 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
>> Fekk ut fila forslag.txt med forslag til forbetringar.
>> Vist direkte på skjermen, dvs. utan "> forslag.txt", fekk eg ut
>> forslag i fleire fargar. Lett å fine fram i.
> På Linux er det endå enklare, for der kan programmet opna dei aktuelle
> tekstane i omsettingsprogrammet Lokalize automatisk.
Tydelegvis ei forenkling. Kva med å lagre forslaga direkte i po-filene 
med eit eller anna merke slik at ein kunne finne dei igjen same kva 
program ein bruker? Bare ein ikkje gjennomtenkt flygetanke.
Veit at eg har Lokalize på ein eller annan maskin. Må kanskje finna det 
fram.

Køyrde Pology på Hjelp for GIMP sine po-filer. Fann haugevis av feil i 
høve til «Retningslinjene». Skal gjere eit forsøk på å «normalisere» 
språket, men det kan ta tid. Det same gjeld for nynorsk UI til GIMP.
>> Korleis får eg ut ei liste over alternative kommandoar? Reknar med at
>> det finst andre alternativ enn "--skip-obsolete check-rules".
> Vel, få som du har bruk. «posieve» er eit verktøy for å gjera mange
> ulike operasjonar på .po-filer. Du kan prøva «posieve --help» og
> «posieve --list-sieve-names». Eg likar «posieve stats», då denne gjev
> statistikk på ord- og teiknnivå i tillegg til på meldingsnivå.
> «posieve find-messages» kan òg vera nyttig, då denne støttar regulære
> uttrykk.
>
> Men det er altså «check-rules»-delen me brukar for finna språkfeil.
> Denne får du info om med «posieve check-rules -H». Det mest aktuelle her
> er vel «-saccel:». LibreOffice-filene brukar vel eit anna teikn («~»?)
> enn standard («&») for snøggtastar.
Takker.
Spurde vel fordi eg er nysgjerrig. Skal prøve ut kommandoane ein dag.
Eg har ikkje kontrollert det, men finn både & og ~ brukt i 
originalfilene. «&» heng kanskje igjen frå tidlegare, eller kanskje noen 
har skrive «&» av gammal vane. Har heller ikkje kontrollert om 
LibreOffice godtar begge teikna for understreking av bokstav.
Helsing
Kolbjørn

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.