Re: Programmeringsspråket Logo i LibreOffi ce
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Takkar for innspela.
Kjende ikkje til KTurtle, Kjetil Kilhavn, men skal sjå om eg kan finna det.
Har lagt ut komplett liste over kommandonamn og meldingar på
http://www.stuestoel.no/temp/LibreLogo-namn.php
med nåverande namn (engelsk, bokmål og nynorsk) og forslag til
endringar. Trur eg har fått med det meste, men kan sjølvsagt ha oversett
noe.
Noen kommentarar:
Den 10.01.2014 00:00, skreiv Axel Bojer:
> Den 09. jan. 2014 17:29, skrev Kolbjørn Stuestøl:
>> Noen som veit/hugsar kva kommandoord som er brukte på norsk (nb, nn) i
>> programmeringsspråket Logo?
>> LibreOffice inneheld ei enkel utgåve av Logo kalla LibreLogo. Dei fleste
>> kommandoane er omsette, men ikkje alle.
> Kan du ikke teste bokmålsversjonen og se?
Ved omsetjing har eg alltid oppe bokmål (og i tillegg også dansk, svensk
og tysk) for å samordna kommandoane mest mogleg, men både programfilene
og hjelpfilene er litt mangelfulle også på bokmål. Omsetjinga må ha gått
litt fort føre seg (maskinelt?), for ho inneheld ein del lesefeil. T.d.
er "while" omsett med "Hvit". (Eg har ikkje skrivetilgang til
bokmålsfilene, så noen andre må retta feila der). Sjå nettsida eg viser
til ovanfor.
>
>> I den norske omsetjinga (nn) held eg på å legga inn både engelske og
>> norske kommandonamn, men får ikkje sjå om det verkar før ved neste
>> oppdatering. I tilfelle kan brukarane velja det eine eller det andre,
>> eller ei blanding.
>>
>> Det er ikkje meininga å byrja ein diskusjon om programmering bør lærast
>> med engelske eller norske kommandonamn, bare kva kommandoane bør heite
>> på norsk.
> Ja takk begge deler, så kan man velge :-)
>
>> Noen kommandoar som ikkje er omsette (Kvar linje er same kommandoen, men
>> med ulike namn).
>> PENJOINT / LINEJOINT (Samankoplinga av linjer. Moglege val: "rounded"
>> ("avrunda"), "miter" ("skarp"), "bevel" ("skråkant") og "none"
>> ("ingen"). (Gjeldande norsk omsetjing i parentes).
> Ingen innvendinger til dine forslag her :-)
Ikkje meg som skal ha æra for omsetjingane. Er omsette frå før.
Kva med PENJOINT/LINEJOINT? Tysk: STIFTÜBERGANG
LINJEKOPLING?
>
>> FONTCOLOR / TEXTCOLOR / TEXTCLOUR
> Skriftfarge, tekstfarge (TEXTCLOUR??)
Sorry. Skrivefeil frå mi side.( LibreLogo har forresten både engelsk US
og UK i originalen).
>
>> FONTSIZE / TEXTSIZE / TEXTHEIGHT
> Skriftstørrelse, tekststørrelse, skrifthøyde
>
>> UPRIGHT / NORMAL
> Normal (tror ikke noe tilsvarende upright er i bruk på norsk om vanlig,
> ikke kursiv, tekst)
Fint. Då bruker eg bare NORMAL.
>
>> CLEARSCREEN /cs
> Tøm skjermen
>
>> HIDETURTLE /ht / HIDEME (vis skjelpadda)
>> SHOWTURTLE /st / SHOWME (gøym skjelpadda)
Kva med dei to ovanfor?
Samansettingar med skjelpadde blir for lange etter mitt syn. Kva
med GØYMMEG / SKJULMEG?
>> POSITION / POS / SETPOS
> Plassering
>
>> HEADING / SETHEADING / SETH (Set retninga skjelpadda skal peike mot)
> Retning, velg retning.
Ja, det er jo det kommandoen blir brukt til. Snu skjelpadda mot eitt
eller anna punkt. Kanskje nok bare med RETNING?
>
>> PICTURE / PIC
> Bilde
>
>> REPCOUNT (Teljar i for- og whileløkker)
> Teller
>
>> INT (for integer, heiltal)
> Heltall, ja :-)
>
>> SQRT (for square root, kvadratrot)
> Jepp!
Eg har brukt KVROT i andre samanhengar ser eg i oppslagslista mi. Reknar
det litt enklare i bruk enn KVADRATROT.
>
>> TUPLE (konvertering til Python tuple (ei form for liste som ikkje kan
>> forandrast))
> Fastliste? Nummererert liste?
> Jfr: http://en.wikipedia.org/wiki/Tuple
Hadde i utgangspunktet tenkt å bruke TUPLE ut frå tankegangen at det i
dette tilfellet viser til programmering i Python. Fann i ei
diskusjonsliste (hugsar ikkje kva for ei) forslaget «tuppel» (føreslått
av deg, Axel). Har det slått gjennom? Kan eventuelt legge inn TUPPEL |
TUPLE.
>
>> SUB (for substitute, byte ut)
> eller erstatte på bokmål :-)
Ja
>
>> FINDALL
> Finn alle (ev finnAlle eller finn_alle om mellomrom ikke er ok i kommandoer)
Mellomrom OK. Kommandoane skil ikkje mellom små og store bokstavar,
FINNALLE, FinnAlle o.l. går fint, men også FINN ALLE. Bokmål har FINNALT.
>
>> MAX
> Høyeste/maksimalt/maks
>
>> IN / \" (for inch, tomme)
Bokmål: TOMMER / \"
>> GRAY / GREY (fargen grå)
> Jepp!
>
>> Sjølv om omsetjinga av noen av kommandoane ser innlysande ut, kjem eg
>> ikkje med forslag i denne omgangen.
> Jeg fant noen :-)
"Forslaga" mine var eigentleg ei forklaring på kva funksjonen gjer, men
ikkje så dumt at kommandoen er beskrivande.
>
>> *Logo*:
>> Programmeringa i Logo gjekk i utgangspunktet ut på å flytte ei
>> «skjelpadde» rundt på golvet eller skjermen med ulike kommandoar. Difor
>> er språket også kalla skjelpaddegrafikk ("turtle graphics"). Det er
>> seinare utvida med andre funksjonar, men er framleis svært enkelt. Blei
>> utvikla for å brukast i den første innføringa i programmering.
>>
>> Kolbjørn Stuestøl
> ... og skilpadder er jo som vi vet raskere enn harer :-)
;-)
Ser at eg gløymde PENCAP. Bestemmer forma på linjeavslutninga. Rund,
firkanta eller ingen.
LINJESLUTT, LINJEENDE, PENNESPISS, PENNESPLITT (for den som hugsar
slike) eller noe heilt anna?
Eg veit ikkje kor utbreidd programmering i Logo er nå. Det var ein del
brukt i grunnskolen til på slutten av 1980-åra. Då ofte med ei mekanisk
skjelpadde som køyrde rundt på golvet. Sjølv har eg ikkje brukt dette
språket sidan Commodore 64 sine glansdagar, og hugsar faktisk ikkje kva
språk vi programmerte i. Trur det var norsk.
Helsing
Kolbjørn
>
> Mvh Axel
>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
>