Re: LibreLogo i LibreOffice

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 28.01.2014 02:01, skreiv Olav Dahlum:
> Du har rettigheter i bokmålsprosjektet, så kom med forslag. Vi trenger 
> uansett flere folk til disse jobbene ettersom to er for få på et slikt 
> prosjekt.
Ja, skulle gjerne vore fleire som ville setje om både bokmål og nynorsk. 
Ser at for versjon 4.2 er det akkurat nå  i UI (sjølve LibreOffice) 1555 
ord for nynorsk og 1282 ord for bokmål som ikkje er omsette av 97 314 
ord, så der er det nokså bra. For hjelpfilene er det derimot 132 529 ord 
(nn) og 115 540 ord (nb) som ikkje er omsette av 437 838 ord. Som 
samanlikning: Hjelpfilene er 100 % omsette for dansk og nesten 100 % for 
svensk.

Omsetjina er som oftast ikkje så vanskeleg, men det krev ein del tid.

Skal setje inn forslaga for bokmål ein av dei næraste dagane. Elles er 
det råd å setje opp Pootle med nynorsk som eit av «Altaernative Source 
Languages» for at den nynorske omsetjinga, dersom ho finst, skal bli 
synleg på skjermen.

Helsing
Kolbjørn


>
>
> 2014-01-27 Kolbjørn Stuestøl <[email protected] 
> <mailto:[email protected]>>
>
>     Nå er heile LibreLogo i LibreOffice 4.1 og 4.2 omsett til nynorsk.
>     Sidan det ikkje kom så mange innlegg om forslaga mine i
>     http://www.stuestoel.no/temp/LibreLogo-namn.php, har eg brukt dei
>     (stort sett) slik dei står der.
>     Også hjelp for LibreLogo er omsett, men denne kjem ikkje med før i
>     neste oppdatering.
>
>     Oppsettet er laga slik at både norkse og engelske ord kan brukast
>     i den norske versjonen. I tillegg er det for fleire kommandoar
>     tatt med kortversjon og ord som er/har vore i bruk i andre
>     Logo-versjonar så langt eg kjenner dei. For eksempel er HØGRE, SNU
>     HØGRE, HG, RIGHT ulike, gyldige namn på den same kommandoen.
>
>     Eg reknar ikkje arbeidet som ferdig, så eg tar gjerne i mot
>     innspel. Det er på ingen måte for seint å gjere endringar om
>     ønskjeleg. Versjon 4.2.0.3, som eg brukar i dette arbeidet, er vel
>     ikkje i bruk av så mange førebels. Truleg heller ikkje mange som
>     brukar Logo eller veit om at Logo finst i LibreOffice.
>
>     Sender til denne lista fordi eg reknar med at ordbruken i
>     LibreLogo bør/må samordnast på nb og nn.
>
>     Helsing
>     Kolbjørn Stuestøl
>
>     _______________________________________________
>     i18n-no mailing list
>     [email protected] <mailto:[email protected]>
>     https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
>
>
>
>
> -- 
> Olav Dahlum
>
> PGP key ID: 0xCADFA17C
>
>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.