Re: array og subrutine i BASIC
Thomas Nygreen <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <CALHNUvHfFy1O8PbSykTLjCy2VbZY-cX4CaSq4gx+Rt36Rzszkg@mail.gmail.com> |
Om tabell er diskvalifisert av di det allereie vert nytta i LibreOffice, så er òg matrise det, i LO Math og i formlar i LO Calc. Men både omgrepa vert vel berre nytta indirekte i LO Basic. Altså berre når ein handsamar objekta i LO. Mvh Thomas Nygreen 2014-02-12 22:33 GMT+01:00 Karl Ove Hufthammer <[email protected]>: > la. den 08. 02. 2014 klokka 18.46 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl: > > Finst det eintydige norske omsetjingar av > > 1: array > > 2: subrutine > > som kan brukast i hjelp for BASIC i LibreOffice? > > Det skal godt gjerast, då det ikkje finst eintydige definisjonar av kva > eit <<array>> er på *engelsk*! :) Varierer jo litt frå programmeringsspråk > til programmeringsspråk, sjølv om grunnkonseptet er nokolunde > greitt/likt. > > Så vidt eg veit, vert <<arrays>> gjerne kalla <<matriser>> på norsk. Meiner > òg det har vore brukt i bøker, om for eksempel om Java-programmering. > Bør òg vera rimeleg uproblematisk å snakka om n-dimensjonale matriser. > Kor mange dimensjonar kan for øvrig desse datastrukturane ha i > LibreOffice? > > Når det gjeld god terminologi, er dette veldig kontekstavhengig. I nokre > samanhengar kan tabell vera ei OK omsetting for <<array>>, mens i > LibreOffice har ein andre ting som vert kalla tabellar, så denne > omsettinga er automatisk diskvalifisert. Løvdal nemnte R. Her har me > endå fleire nærliggande omgrep og datastrukturar, og ein skil mellom > matrix, array, vector og table (og fleire andre tabell-liknande > strukturar me ikkje treng gå inn på her). Her er <<matrise>> > diskvalifisert som omsetting for <<array>> - men bra for <<matrix>>. Og > <<vector>> vert sjølvsagt <<vektor>>. Som ein kuriositet kan eg nemna at i R > er ei matrise eit spesialtilfelle av ein vektor, mens i matematikken er > det jo som kjent omvendt! Eg har for øvrig omsett R til nynorsk, og då > endte eg opp med matrise, array, vektor og tabell. Her var det rett og > slett ikkje noko brukbart norsk ord for <<array>>. Men så lenge det ikkje > finst noko som heiter <<matrise>> i LibreOffice Basic, synest eg <<matrise>> > er ei god omsetting av <<array>> der. > > <<Subroutine>> må nok bli <<subrutine>>. <<Delrutine>> eller <<underrutine>> er > jo *rett*, og litt <<meir norsk>>, men det er vel svært få som brukar > desse orda? Har iallfall inntrykk av at <<subrutine>> er rimeleg etablert. > Og prefikset sub- vert jo også brukt i andre norske ord, utan at orda > vert oppfatta som fremmandsord for det (eksempelvis snakkar me jo om > subarktiske strøk). > > -- > Karl Ove Hufthammer > http://huftis.org/ > Jabber: [email protected] > > > _______________________________________________ > i18n-no mailing list > [email protected] > https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no > _______________________________________________ i18n-no mailing list [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no