LibreLogo

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
For den som vil prøve det svært enkle programmeringsspråket Logo i 
LibreOffice, har eg laga ein nettstad som kanskje kan vere til hjelp for 
å kome i gong.

Du finn sidene på http://www.stuestoel.no/office/logo/logo-startside.php

For meg var det litt nostalgi med i bildet, då eg fann Logo på 
LibreOffice, men du kan leike deg med Logo sjølv om du ikkje har vore 
borte i det før.

Kommandoane og hjelp for Logo er omsette til nynorsk i LibreOffice 4.1 
og 4.2. Delvis omsette til bokmål, men det kjem nokså snart --- trur eg. 
(Du finn eit oversyn over kommandoane på nettstaden).

Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.