Re: Oversettelse av kommandolinjeopsjoner

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 23.07.2014 11:50, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> ty. den 22. 07. 2014 klokka 22.51 (+0200) skreiv Johnny A. Solbu:
>> Når man oversetter hjelpestrenger, så står det som regel noe ala «Usage: %s [OPTION] ... blabla» i utdata fra «-h» eller i manaualfiler.
>> Hva bør man oversette «option» med i disse tilfellene, «valg», «flagg» eller noe annet?
> Den tradisjonelle bokmålsomsettinga har (så vidt eg kan sjå) vore
> «FLAGG» (med store bokstavar). Prøv for eksempel «ls --help» eller
> «wget --help». På nynorsk har eg brukt «VAL» (på bokmål ville vel
> dette blitt «VALG» eller «ALTERNATIVER»).
>
> Eg oppfattar «FLAGG» som ei for snever omsetting. Det er jo typisk
> fleire ting enn flagg ein kan oppgje. Eg tenker her på flagg som
> på/av-brytarar. For eksempel er
>
>    --verbose
>
> eit flagg, mens
>
>    --output-file=FIL
>
> ikkje er det, sidan det tar eit argument. Det er iallfall slik eg har
> oppfatta ordet flagg.
>
I programmering er/var «flagg» alltid anten heist eller firt, altså på 
eller av. Så for meg også blir flagg noe snevert i denne samanhengen. 
Sjølv har eg ikkje hatt bruk for å omsetje akkurat slike tilfelle som 
nemnde, men eg bladde gjennom ein del po-filer frå ulike program, og det 
ser ut til at «val»/«valg» må vere ei god løysing. (Fann også «angi» ein 
eller annan staden, men det passa ikkje inn i den samanhengen).
Helsing
Kolbjørn Stuestøl

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.