Re: Oversettelse av kommandolinjeopsjoner

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
ty. den 22. 07. 2014 klokka 22.51 (+0200) skreiv Johnny A. Solbu:
> Når man oversetter hjelpestrenger, så står det som regel noe ala «Usage: %s [OPTION] ... blabla» i utdata fra «-h» eller i manaualfiler.
> Hva bør man oversette «option» med i disse tilfellene, «valg», «flagg» eller noe annet?

Den tradisjonelle bokmålsomsettinga har (så vidt eg kan sjå) vore
«FLAGG» (med store bokstavar). Prøv for eksempel «ls --help» eller
«wget --help». På nynorsk har eg brukt «VAL» (på bokmål ville vel
dette blitt «VALG» eller «ALTERNATIVER»).

Eg oppfattar «FLAGG» som ei for snever omsetting. Det er jo typisk
fleire ting enn flagg ein kan oppgje. Eg tenker her på flagg som
på/av-brytarar. For eksempel er

  --verbose

eit flagg, mens

  --output-file=FIL

ikkje er det, sidan det tar eit argument. Det er iallfall slik eg har
oppfatta ordet flagg.

-- 
Karl Ove Hufthammer


_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.