Aggregate i rekneark

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kva skal funksjone AGGREGATE heite på norsk?
Funksjonen finst i LibreOffice Calc, men er ikkje forklart i hjelpseksjonen.
Exel har omsett han med MENGDE. (Sjå 
https://support.office.microsoft.com/nb-no/article/Funksjonen-MENGDE-991c9adc-88dc-4ab9-9fbf-04346623d79d).

Etter det eg kan sjå, minner funksjonen om DELSUM (SUBTOTAL på engelsk), 
men har innebygd ein del fleire funksjonar.
Bruk: «AGGREGATE(Funksjon; Innstillingar; Ref1 eller tabell; Ref2..n 
eller k1; Ref2..n eller k2; …)»
I forklaringa i LibreOffice heiter det:

    Nynorsk: «Reknar ut ei aggregering (eit spesielt samandrag) i eit
    rekneark.»
    Bokmål: «Regner ut en aggregering i et regneark.»
    Engelsk: "Calculates an aggregate in a spreadsheet."

Ikkje så mykje å bli klok på.
For meg betyr "aggregate" ei opphoping/oppsamling eller noe liknande, 
men engelskkunnskapane mine og kunnskapane om rekneark er kanskje ikkje 
heilt det dei burde ha vore.
Kolbjørn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.