Re: Aggregate i rekneark

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
On 23. mars 2015 21:19, Kolbjørn Stuestøl wrote:
>> MENGDE er etter mi meining ei uheldig omsetjing som forvirrar meir enn
>> ho klargjer.  MENGDEOPERASJON ville vere marginalt betre.
>>
>> kva versjon av LibreOffice?  eg finn det ikkje i min kopi (4.1).
> Det er ei stund sidan dette spørsmålet blei send til lista, så kva 
> versjon eg brukte då, hugsar eg ikkje, men truleg 4.3 eller 4.4. (Eg 
> bruker som oftast siste versjon eller "prerelease" pga. omsetjinga). 

Eg finn han heller ikkje i min versjon 4.3.5.2.0+ (puh!). Men eg 
oppfattar at det er ein aggregerings-/samandragsfunksjon. Så då synest 
eg han godt kan heita SAMANDRAG.

Men eg skal sjå om eg lett kan få installert ein nyare versjon, og 
sjekka kva funksjonen faktisk gjer.

-- 
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.