Re: Aggregate i rekneark

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 27.03.2015 18:39, Karl Ove Hufthammer skreiv:
> On 25. mars 2015 23:10, Kolbjørn Stuestøl wrote:
>> Men spørsmålet her er vel om AGGREGAT() er eit innarbeidd ord i 
>> fagmiljøet i denne samanhengen. Vil ei statistikar utan vidare forstå 
>> kva AGGREGAT() gjer, eventuelt med litt foklaring om kva ARG1 og Arg2 
>> *må* og kva dei vidare argumenta *kan* innehalde?
>
> Nei. Men funksjonen er jo berre ein annan måte å kalla GJENNOMSNITT, 
> MIN, MAKS osv. på.
>
> Dessutan må det vera AGGREGER(), ikkje AGGREGAT().
>
> Eg har for øvrig sjekka kva tilsvarande funksjon heiter i dei mest 
> brukte profesjonelle statistikkprogramma (som eg har tilgang til). Det 
> er sjølvsagt ikkje nokon funksjon som er identisk, sidan 
> Excel-funksjonen er ganske rar, men dette var dei funksjonane eg fann 
> som var nærast i funksjonsnivå:
>
> SPSS (menyval): Report Summaries
>
> Stata: summarize
>
> R: summarise, summarize (med group_by), summary, gsummary, summaryBy, 
> by, aggregate
>
> -- 
> Karl Ove Hufthammer
>
Dette betyr vel at vi eigentleg kan kalle denne spesielle funksjonen kva 
vi vil? :-)
Er svaret ja, er det vel då nærliggande å bruke eit ord som blir 
oppfatta som meiningsfullt.

Sidan både fagfolk og amatørar likevel må lære eit nytt ord, er vel 
SAMANDRAG(), som du føreslo, det enklaste og mest forståelege. Eg reknar 
med at det er den tydinga, eller kanskje (opp)samling, dei har lagt i 
ordet AGGREGATE då dette blei vald som namn på funksjonen. AGGREGER() 
(takk for rettinga) har jo den fordelen at det liknar mest på det 
engelske namnet på funksjonen, men i dette tilfellet er dette etter mitt 
syn mindre viktig.
Sigmund Hansen seier i innlegget sitt at "aggregering" er i bruk i 
IT-miljøet mellom anna ved UiO for å lage statistikk. Ordet er altså i 
bruk, om ikkje innan faget statistikk. Likevel eit lite pluss for 
AGGREGER().

Så framleis er eg usikker på kva nemning som er best her.

Helsing
Kolbjørn Stuestøl





>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.