Re: Aggregate i rekneark

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
On 27. mars 2015 21:07, Kolbjørn Stuestøl wrote:
>
> Sigmund Hansen seier i innlegget sitt at "aggregering" er i bruk i 
> IT-miljøet mellom anna ved UiO for å lage statistikk. Ordet er altså i 
> bruk, om ikkje innan faget statistikk. Likevel eit lite pluss for 
> AGGREGER().

Ordet er absolutt i bruk innan statistikk! Eller i databehandling 
generelt. Det er eit nivå «oppanfor» rådata. Tenk det at du samlar inn 
data om/frå nokre personar. Du samlar for eksempel inn informasjon om 
kjønn, alder, bustad og yrke. I staden for å visa rådata / data på 
individnivå, vel du vanlegvis å visa data på gruppenivå / samandragsdata 
/ aggregerte data.

Så i staden for å visa alderen til kvar enkeltperson, viser du eit 
samandrag, typisk gjennomsnittsalderen eller medianalderen. Ofte gjer 
ein dette fordelt på gruppe (eks. gjennomsnittsalder for kvart kjønn, 
eller fordelt på kjønn og yrke). I typisk «aggregeringsfunksjonalitet» i 
eit dataprogram vil det vanlegvis vera støtte for å rekna ut eit 
samandrag for kvar «gruppe» (verdiar av éin eller fleire 
variablar/kolonnar). I rekneark gjer ein dette gjennom 
pivotfunksjonalitet. Men AGGREGATE() derimot gjer *ikkje* det ein 
(kanskje) ville forventa ut frå namnet (det må ein bruka pivotering 
til); det er berre ein rar måte å kalla andre samandragsfunksjonar (men 
med ikkje-standard handtering av spesialceller).

Håpar dette var noko oppklarande. :)

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.