Re: Aggregate i rekneark

Thomas Nygreen <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <CALHNUvGR4aoQiUaM=7p-rMGNS_mPP-Nb3NfCi7rpAaFOagYtmQ@mail.gmail.com>
Karl Ove Hufthammer skreiv <[email protected]>:

> I typisk «aggregeringsfunksjonalitet» i eit dataprogram vil det vanlegvis
> vera støtte for å rekna ut eit samandrag for kvar «gruppe» (verdiar av éin
> eller fleire variablar/kolonnar). I rekneark gjer ein dette gjennom
> pivotfunksjonalitet. Men AGGREGATE derimot gjer *ikkje* det ein (kanskje)
> ville forventa ut frå namnet (det må ein bruka pivotering til); det er
> berre ein rar måte å kalla andre samandragsfunksjonar (men med
> ikkje-standard handtering av spesialceller).
>

Jo, AGGREGATE gjer det du forventar, om du nyttar han på same måte som
DELSUM i delsamandrag. Delsamandrag-funksjonen i Excel gjer nettopp slik
aggregering, ved å gruppere radane og setje inn radar med DELSUM. Så vidt
eg kan sjå, er AGGREGATE berre ein forbetra utgåve av DELSUM. Men lausrivne
frå den konteksten, framstår både AGGREGATE og DELSUM litt rare.

I saka om namnevalet på (ny)norsk er eg (nesten) heilt samd med Karl Ove:
SAMANDRAG er best. For å snu på det Kjetil skreiv, er det hipp som happ for
ein som kan statistikk, men enklare for vanlege folk. (Men eg meiner
AGGREGAT er minst like bra som AGGREGER. Det engelske namnet er òg like
gjerne substantiv som verb.)

-Thomas Nygreen (ikkje statistikar, berre matematikar)

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.