Re: Markup language

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 19.04.2015 11:16, Thomas Nygreen skreiv:
>
> 19. apr. 2015 10.01 skrev "Karl Ove Hufthammer" <[email protected] 
> <mailto:[email protected]>>:
> >>
> >> Eg synest ikkje «markup language» er noko godt engelsk ord på dette 
> (og det er dermed eit dårleg utgangspunkt for omsetting). Kva med å 
> berre kalla det «formelspråk(et)».
> >
> >
> > Eller «formelkodar».
> >
>
> Eg er til dels samd med Karl Ove i at dette ikkje er eit (godt) 
> markeringsspråk. Medan nokre symbol vert markert med %-kodar, sånn som 
> %alfa, er det andre som ikkje skil seg ikkje ut frå annan tekst, til 
> dømes simeq og sum. (Eg synest òg at om %alpha vert omsett til %alfa, 
> så bør òg simeq omsettast.)
>
> Eg likar ikkje «formelkodar» av di kodane ikkje treng å inngå i ein 
> formel. Kva med «symbolkode» eller berre «kode»?
>
> -Thomas
>
>
Som sagt gjeld omsetjinga ei første innføring i formelprogrammet Math i 
LibreOffice. Eit program som blir brukt for å skrive inn matematiske 
uttrykk med matematiske teikn. I den samanhengen trur eg forslaget frå 
Thomas Nygreen er det som er lettast å forstå for eventuelle lesarar. 
Altså «(symbol)kode». I andre samanhengar der sjølve kodespråket var 
viktigare, ville eg nok brukt «markeringsspråk». (Er forresten einig i 
at namnet på dette språket i utgangspunktet er dårleg, men det kan vi 
ikkje gjere så mykje med).

Det ser ut til at kodane "simeq", "times" osv. stort sett ikkje er laga 
for å omsetjast. Kanskje like greit. Får eg god tid ein dag, skal eg 
sjekke po-filene. Kanskje eg finn at dei kan omsetjast likevel. (Bruker 
nå stort sett Pootle server til arbeidet).

Elles er det ikkje «dataver» her hos meg nå, så det blir ikkje så mykje 
omsetjingsarbeid i dagane framover.
Helsing
kolbjørn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.