Dispatch framework

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Bør/må/skal "Dispatch frameework" omsetjast til norsk og i tilfelle med kva?
Eg *kan* nok oppfatta "dispatch network" som eit 
styringssystem/-program, men er usikker på om denne omsetjinga er meir 
villeiande enn opplysande.

Grunnen til spørsmålet er at eg set om ei kort innføring i å lage og 
bruke makroar i LibreOffice. Makroane blir skrive i ei form for BASIC. 
Som i andre programmeringsspråk, bruker også denne BASIC-varianten 
kommandonamn som har utgangspunktet i engelsk. Dei fleste som kan ha 
bruk for denne innføringa vil difor vere vane med engelske eller 
engelskliknande uttrykk. (Det er råd å lage makroar ved å gjere opptak 
av tastetrykka, altså utan å programmere på vanleg måte. Er nok dette 
som blir brukt av folk flest).

I handboka er "dispatch network" (i kortversjonen) definert som "The 
purpose of the dispatch framework is to provide uniform access to 
components (documents) for commands that usually correspond to menu items".

Eg har ikkje funne dette diskutert, men har kanskje leita i feil fora?

Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.