Re: Dispatch framework

Kjetil Torgrim Homme <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
On Sun, 2015-05-24 at 16:27 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
> Den 24.05.2015 14:54, Yngve Spjeld Landro skreiv:
> > Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> skreiv Sun, 24 May 2015 
> > 12:13:23 +0200
> >> Eg *kan* nok oppfatta "dispatch network" som eit 
> >> styringssystem/-program, men er usikker på om denne omsetjinga er 
> >> meir villeiande enn opplysande.
> >>
> > Eg synest ikkje originaltermen heller er særleg opplysande i seg 
> > sjølv. Alt må tolkast i den samanhengen det står; norsk er ikkje 
> > annleis der. «Styringssystem» høyrtest ikkje dumt ut i mine øyre.
> 
> Grunnen til at eg spør er at eg reknar med at det er nokså få som 
> programmerer eigne makroar. Så spørsmålet burde kanskje omformast til 
> "Er dispatch framework så innarbeidd i den eventuelle brukargruppa at 
> det vil vere forvirrande å omsetje uttrykket?"
> Sidan eg først er inne her: kva bør ein "dispatch command" eventuelt 
> heite på norsk? «Styringskommando» dekker så nokolunde det han gjer, men 
> igjen: er dette i dette tilfellet unødvendig flisespikkeri?

eg vil ikkje seie "dispatch framework" er så etablert at det ikkje bør
omsetjast, men eg synest ikkje "styringssystem" eller "styringskommando"
er dekkjande.

fyrst av alt, "dispatch" er gjerne "sentralbord" på norsk, f.eks. på ein
taxi-sentral.  altså, ein sentral der ein får inn henvendelsar og sender
dei vidare til rette vedkomande med ledig kapasitet.

utifrå det du skriv, oppfattar eg dette som ein funksjon for å kalle
andre funksjonar på ein uniform måte.

eg foreslår ei omsetjing i retning "(arbeids)fordeling",
"vidaresending", "handtering".

-- 
venleg helsing,
Kjetil T.



_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.