Re: Dispatch framework
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Takker for innspelet.
Kapitlet dette står i er ei kort innføring i å lage makroar i
LibreOffice. Det meste går ut på å lage makroane ved å gjere opptak av
tastetrykka, men det er også tatt med eit lite avsnitt om å skrive
makroar. Det er her dispatch (framework) kjem inn.
Så kanskje det beste ville vere å skrive om kapitlet med litt meire
forklaringar på kva systemet gjer. Sentralbordet, som du nemner, er
svært dekkande for den tenesta funksjonen gjer. Takker for tipset.
Eg tar med den viktigaste delen av den opphavlege forklaringa:
The purpose of the dispatch framework is to provide uniform access
to components (documents) for commands that usually correspond to
menu items. Using *File > Save* from the main menu bar, the shortcut
keys /Ctrl+S/, or clicking the *Save* icon are all of commands that
are translated into the same “dispatch command”.
The dispatch framework can also be used to send “commands” back to
the User Interface (UI). For example, after saving the document, the
File Save command is disabled. As soon as the document has been
changed, the File Save command is enabled.
A dispatch command is text, for example .uno:InsertObject or
.uno:GoToStartOfLine. The command is sent to the document frame and
this passes on the command until an object is found that can handle
the command.
I eit eksempel i originalteksten er /dispatcher/ brukt som variabel
definert slik: /dim sidpatcher as object/.
Du kan finne den (førebels) omsette teksten på
http://www.stuestoel.no/office/doku/dokumentasjon.php.
Originalteksten på
https://wiki.documentfoundation.org/Documentation/Publications.
Eg må nok også finne eit anna ord for "document frame" eller i det
minste ei nærare forklaring. Eg reknar med at lesarane vil tenke på ei
eller anna ramme som blir vist på skjermen rundt dokumentet .
Helsing
Kolbjørn
Den 25.05.2015 02:12, Kjetil Torgrim Homme skreiv:
> On Sun, 2015-05-24 at 16:27 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
>> Den 24.05.2015 14:54, Yngve Spjeld Landro skreiv:
>>> Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> skreiv Sun, 24 May 2015
>>> 12:13:23 +0200
>>>> Eg *kan* nok oppfatta "dispatch network" som eit
>>>> styringssystem/-program, men er usikker på om denne omsetjinga er
>>>> meir villeiande enn opplysande.
>>>>
>>> Eg synest ikkje originaltermen heller er særleg opplysande i seg
>>> sjølv. Alt må tolkast i den samanhengen det står; norsk er ikkje
>>> annleis der. «Styringssystem» høyrtest ikkje dumt ut i mine øyre.
>> Grunnen til at eg spør er at eg reknar med at det er nokså få som
>> programmerer eigne makroar. Så spørsmålet burde kanskje omformast til
>> "Er dispatch framework så innarbeidd i den eventuelle brukargruppa at
>> det vil vere forvirrande å omsetje uttrykket?"
>> Sidan eg først er inne her: kva bør ein "dispatch command" eventuelt
>> heite på norsk? «Styringskommando» dekker så nokolunde det han gjer, men
>> igjen: er dette i dette tilfellet unødvendig flisespikkeri?
> eg vil ikkje seie "dispatch framework" er så etablert at det ikkje bør
> omsetjast, men eg synest ikkje "styringssystem" eller "styringskommando"
> er dekkjande.
>
> fyrst av alt, "dispatch" er gjerne "sentralbord" på norsk, f.eks. på ein
> taxi-sentral. altså, ein sentral der ein får inn henvendelsar og sender
> dei vidare til rette vedkomande med ledig kapasitet.
>
> utifrå det du skriv, oppfattar eg dette som ein funksjon for å kalle
> andre funksjonar på ein uniform måte.
>
> eg foreslår ei omsetjing i retning "(arbeids)fordeling",
> "vidaresending", "handtering".
>
_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no