Automatisk termbase til hjelp i omsettinga

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Hei!

Eg har laga til eit lite skript for automatisk generering av ein 
termbase, til hjelp i omsettingsarbeidet. Dette finn dokker i mappa 
«skript/termbase» i SVN.

Køyr skriptet: ./lag-termbase.sh nn
Det vert no laga ei fil «nn.po» med termar basert på nn-omsettinga 
(nynorskomsettinga) av KDE. Ved å legga til ein funksjon «term» 
(instruksar om dette står i fila) i .bashrc, kan dokker kjapt slå opp i 
termbasen, med syntaksen «term regulært-uttrykk».

Eksempel:

$ term joystick
joystick → styrespak


Viss det finst fleire treff, vert alle viste:

$ term browse
browser → nettlesar
browse → bla; Bla gjennom
web browser → nettlesar
filesystem browser → filhandsamar; filsystemvisar
[…]

Treffa vert viste med less-verktøyet, så viss resultata går over meir 
enn eitt skjermbilde, kan dokker bla gjennom dei med piltastane eller 
«Page Up»/«Page Down». Trykk «q» for å avslutta.


Termbasen inneheld termar med opp til tre ord. Bruk mellomrom med vanleg 
bash-syntaks:

$ term original\ author
original author → opphavsperson.; opphavsperson; Opphavleg utviklar; 
Opphavleg opphavsperson
developer and original author → Hovudutviklar og opphavsperson


Søkeuttrykket er eit (utvida) regulært uttryk, så dokker kan bruka same 
syntaks som med «grep -E»:

$ term '(open|save) file'
open file → Opna fil
save file → Lagra fil; Lagra fila
unable to open file → Klarte ikkje opna fil; Klarte ikkje opna fila
open files → Opne filer; Opna fil; Opna filer
failed to open file → Klarte ikkje opna fila
save file as → Lagra fil som
open file manager → Opna filhandsamar; Opna filhandsamaren
open file dialog → filopningsdialog; Opna fil-vindauge; Opna fildialog.


For å *ikkje* søka inni ordet, bruk ordskiljaren \b. Kommandoen «term 
'\bfile\b' vil altså finna termar med «file» men ikkje dei som berre 
inneheld «profile».


Termsøket vert gjort både på engelsk og målspråket. Søk etter norske ord 
fungerer altso fint:

$ term omsetjing
translation → omsetjing
translator → omsetjing; omsetjar
Computer-aided translation system → Dataassistert omsetjing
translation memory → Søk i omsetjingsminne; omsetjingsminne
[…]

Den automatiske termuthentinga (som for øvrig brukar 
poterminology-verktøyet) er ikkje perfekt, men fungerer overraskande bra.

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
i18n-no mailing list
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.