Re: Terminologi for trådlaussignal(?)

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Takk for gode forslag frå begge. Fleire kommentarar nedanfor:

> > > Forslag til oversettelse: Mt pakker feil nettverks-ID
>
> >
>
> > å prøve å innføre "Mt" som omsetjing av "Rx" er ein dårleg idé, synest
>
> > eg. skriv det fullt ut, og gjerne heile greia som ei setning:
>
> >
>
> > "Mottatte pakker med feil nettverk-ID" (kan ikkje bruke både fuge-s og
>
> > bindestrek, trur eg?)
>

Jo, ein kan bruka fuge-s sjølv om det er bindestrek. Eg finn det ikkje 
eksplisitt nemnt på nettsidene til Språkrådet eller i boka «Godt språk i 
lærebøker», men på 
http://www.sprakradet.no/sprakhjelp/Skriveregler/tegn/Bindestrek/ står 
iallfall eksempelet «Utelivs-Oslo».

>  Det er kanskje en dårlig idé; Mt er megatonn ifølge ordbøkene på UiO :-)
>
> Problemet er at hvis oversettelsen er f.eks. av iwconfig så er det 
> begrenset plass tilgjengelig, slik at det å skrive uten forkortelser 
> heller ikke er noen god idé.
>

Eg har ikkje klart å finna ut kor teksten vert vist. Omsettingsfila er 
ksgrd.po, som eg trur anten vert brukt av ksysguard eller ksysguardd. 
Men andre tekstar i same fil er ikkje skrivne spesielt korte, så eg trur 
desse berre kjem av latskap hos utviklaren.

Basert på diskusjonen, har eg bestemt meg for å gå for:

   Rx Invalid Nwid Packets
   Mottekne pakkar med feil nettverks-ID

   Rx Invalid Crypt Packets
   Mottekne pakkar med dekrypteringsfeil

   Rx Invalid Frag Packets
   Mottekne pakkar med fragmenteringsfeil

   Tx Excessive Retries Packets
   Sende pakkar med leveringsfeil

   Invalid Misc Packets
   Pakkar med andre feil

   Missed Beacons
   Ikkje-mottekne annonseringssignal

Det finst òg variantar av kvar tekst med «Total» framfor, eks. «Rx 
Invalid Frag Packets». Her har eg lagt til «totalt» etter «pakkar», eks. 
«Mottekne pakkar totalt med fragmenteringsfeil».

Har også lagt til omsettarkommentar for kvar tekst, med lenkje til denne 
diskusjonen:
http://thread.gmane.org/gmane.comp.internationalization.norwegian/7254

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.