Re: Omsetting av «slider thumb»

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 13.11.2015 21:18, Johnny A. Solbu skreiv:
> On Friday 13. November 2015 21.13, Kjetil Torgrim Homme wrote:
>> men kanskje "spake" er betre enn "glidebrytar"?
> Ja. Det er faktisk korrekt også, og er et godt innarbeidet uttrykk i bransjen.
Språk er ikkje alltid logisk eller eintydig. Eg har tidlegare arbeidd 
litt med lyd og lys. Der brukte vi "spakar" for å "feide" lys og lyd 
både opp og ned. Dette sjølv om "fade" opphavleg er å tone ut, visne. 
Blir litt som å heise flagget opp eller ned.
Av same grunn ser eg "glidebrytar" som ulogisk. Korleis kan ein bryte 
straumen litt av eller på?

Men opphavet til denne tråden var vel kva knotten på 
glidebrytaren/spaken/fadaren skal kallast. I dei tilfella eg har vore 
borte i, er det nok å skrive "Ta tak i glidebrytaren", men det er 
kanskje spesielt tilfelle der denne skyvaren treng eit namn?
Kan "skyvaren" vere eit forslag? Nemninga er brukt på flyttbare knappar 
på t.d. måleapparat. Eventuelt med tilføyinga "på/til 
glidebrytaren/spaken". (Eg går ut frå at "Fadaren"/"Faderen" ikkje blir 
tatt i bruk, med eller utan fornorsking).

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.