Re: Omsetting av «slider thumb»

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 13. nov. 2015 13:32, Kjetil Kilhavn skreiv:
>> Bokmålsomsettinga av KDE brukar «glidebryterknapp».
>> >
>> >Forslag? Synspunkt?
> Eg antar ein har bruk for dette uttrykket kun i enkelte tilfelle. Normalt vil
> ein vel bruka glidebrytar, men når ein spesifikt skal referera til den biten
> ein kan ta tak i for å endra verdien synes eg «handtak» er ein god
> beskrivelse.

Eg synest dette var eit godt forslag, og har no lagt det inn i 
fellesordlista.

Og for dei som spurde om me eigentleg treng eit eige ord for dette: I 
utgangspunktet nei; me kan godt seia «ta tak i glidebrytaren». Men det 
finst éin plass i KDE/Qt der ordet er brukt til å skildra nettopp denne 
delen av glidebrytarkontrollen, og der treng me eit eige ord.

Når det gjeld sjølve omsettinga «glidebrytar», er kanskje denne litt 
rar, men dette er så innarbeidd på norsk (dataspråk) at det ikkje er 
aktuelt å endra dette – med mindre nokon kjem med eit fantastisk anna 
forslag som er mykje betre og som ingen har tenkt på før.

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.