Re: Legacy
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Fekk svar frå eit omsetjarforum.
«Legacy» viser i dette tilfellet til ein metode som var brukt tidlegare
i LibreOffice for å lage rektangel og sirklar osv. Metoden er ikkje
nødvendigvis gammaldags, men er altså i dei fleste tilfella erstatta av
ein annan metode.
Så då går eg likevel for forslaga dine.
Altså
Rektangel (gammal)
Sirklar og ellipsar (gammal)
Må tenke litt over om «gammal» eventuelt bør erstattast med noko anna,
f.eks. «gammal/eldre metode» eller liknande. Tar gjerne i mot tips.
Det er fleire «Legacy» i originalteksten, men desse er brukte på «Legacy
Mac Bitmap» og andre Mac-program/filer. Desse har eg rekna skal
omsetjast med «eldre utgåver».
Helsing
Kolbjørn
Den 01.02.2016 12:36, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
> Den 31.01.2016 19:01, Karl Ove Hufthammer skreiv:
>> Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. jan. 2016 18:25:
>>>
>>> Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit
>>> at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte
>>> rektangel» passar ikkje heilt her ;-).
>>
>> Angåande tydinga: I dataprogram lagar ein av og til ein ny versjon av
>> noko funksjonalitet frå grunnen av (på grunn av at den gamle
>> versjonen var så dårleg gjennomtenkt at det er betre å starta på
>> nytt). Då vert den gamle versjonen kalla «legacy», og det hender at
>> ein tar vare på han, iallfall for ei stund, for eksempel 1) for at
>> sjølv om den nye utgåva av funksjonaliteten *er* betre, støttar ho
>> (enno) ikkje alt den gamle gjorde, eller 2) fordi ein må ha ei viss
>> støtte for den gamle versjonen for å kunna opna dokument som brukar
>> han. (Tilsvarande kan ein snakka om «legacy» filformat.)
>>
>> Kan det vera tilfellet her?
> Ja, det var den bruken av legacy eg tenkte på. For å finne ut om dette
> er tilfellet her, må eg installere eldre versjonar av LibreOffice, og
> det er eg for doven til.
>>
>> Ei aktuelle løysing kunne vera å bruka «gammal» eller «utdatert» i
>> parentes etter namnet:
>>
>> Rektangel (gammal)
>> Sirklar og ellipsar (gammal)
>>
>> eller
>>
>> Rektangel (utdatert)
>> Sirklar og ellipsar (utdatert)
>>
>> Ikkje at det er superforståeleg, men det er då *minst* like
>> forståeleg som dei engelske menyvala! Og så får menyvala ei meir
>> fornuftig plassering (alfabetisk) i menyen enn dei gjer på engelsk.
> Eg har ikkje funne nyare versjonar av desse funksjonane. Så kvifor
> programutviklarane har funne det nødvendig å presisere at funksjonane
> er utdaterte, tradisjonelle, gammaldagse el. l. veit eg ikkje. Skal
> legge ut spørsmålet på utviklarforumet. Kanskje det finst ei fornuftig
> forklaring.
>
> Førebels har eg altså brukt ordet «valfrie» som «omsetjing» av
> «legacy». Dette fordi storleik og utforming av figurane kan bestemmast
> av brukaren.
>>
>>
>> Føretrekker òg «ellipsar» framfor «ovalar». «Ovals» er noko ein av
>> ein eller annan grunn brukar ein del på engelsk (kanskje for at ein
>> trur det er meir lettforståeleg?), men på norsk er «ellipsar» meir
>> vanleg (og presist!).
> Ja, eg har brukt ellipse, ikkje oval.
> Takk for svar.
> Helsing
> Kolbjørn
>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no