Re: Legacy

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 31.01.2016 19:01, Karl Ove Hufthammer skreiv:
> Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. jan. 2016 18:25:
>>
>> Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit 
>> at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte 
>> rektangel» passar ikkje heilt her ;-). 
>
> Angåande tydinga: I dataprogram lagar ein av og til ein ny versjon av 
> noko funksjonalitet frå grunnen av (på grunn av at den gamle versjonen 
> var så dårleg gjennomtenkt at det er betre å starta på nytt). Då vert 
> den gamle versjonen kalla «legacy», og det hender at ein tar vare på 
> han, iallfall for ei stund, for eksempel 1) for at sjølv om den nye 
> utgåva av funksjonaliteten *er* betre, støttar ho (enno) ikkje alt den 
> gamle gjorde, eller 2) fordi ein må ha ei viss støtte for den gamle 
> versjonen for å kunna opna dokument som brukar han. (Tilsvarande kan 
> ein snakka om «legacy» filformat.)
>
> Kan det vera tilfellet her?
Ja, det var den bruken av legacy eg tenkte på. For å finne ut om dette 
er tilfellet her, må eg installere eldre versjonar av LibreOffice, og 
det er eg for doven til.
>
> Ei aktuelle løysing kunne vera å bruka «gammal» eller «utdatert» i 
> parentes etter namnet:
>
> Rektangel (gammal)
> Sirklar og ellipsar (gammal)
>
> eller
>
> Rektangel (utdatert)
> Sirklar og ellipsar (utdatert)
>
> Ikkje at det er superforståeleg, men det er då *minst* like forståeleg 
> som dei engelske menyvala! Og så får menyvala ei meir fornuftig 
> plassering (alfabetisk) i menyen enn dei gjer på engelsk.
Eg  har ikkje funne nyare versjonar av desse funksjonane. Så kvifor 
programutviklarane har funne det nødvendig å presisere at funksjonane er 
utdaterte, tradisjonelle, gammaldagse el. l. veit eg ikkje. Skal legge 
ut spørsmålet på utviklarforumet. Kanskje det finst ei fornuftig forklaring.

Førebels har eg altså brukt ordet «valfrie» som «omsetjing» av «legacy». 
Dette fordi storleik og utforming av figurane kan bestemmast av brukaren.
>
>
> Føretrekker òg «ellipsar» framfor «ovalar». «Ovals» er noko ein av ein 
> eller annan grunn brukar ein del på engelsk (kanskje for at ein trur 
> det er meir lettforståeleg?), men på norsk er «ellipsar» meir vanleg 
> (og presist!).
Ja, eg har brukt ellipse, ikkje oval.
Takk for svar.
Helsing
Kolbjørn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.