Re: Legacy

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. jan. 2016 18:25:
>
> Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit 
> at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte 
> rektangel» passar ikkje heilt her ;-). 

Angåande tydinga: I dataprogram lagar ein av og til ein ny versjon av 
noko funksjonalitet frå grunnen av (på grunn av at den gamle versjonen 
var så dårleg gjennomtenkt at det er betre å starta på nytt). Då vert 
den gamle versjonen kalla «legacy», og det hender at ein tar vare på 
han, iallfall for ei stund, for eksempel 1) for at sjølv om den nye 
utgåva av funksjonaliteten *er* betre, støttar ho (enno) ikkje alt den 
gamle gjorde, eller 2) fordi ein må ha ei viss støtte for den gamle 
versjonen for å kunna opna dokument som brukar han. (Tilsvarande kan ein 
snakka om «legacy» filformat.)

Kan det vera tilfellet her?

Ei aktuelle løysing kunne vera å bruka «gammal» eller «utdatert» i 
parentes etter namnet:

Rektangel (gammal)
Sirklar og ellipsar (gammal)

eller

Rektangel (utdatert)
Sirklar og ellipsar (utdatert)

Ikkje at det er superforståeleg, men det er då *minst* like forståeleg 
som dei engelske menyvala! Og så får menyvala ei meir fornuftig 
plassering (alfabetisk) i menyen enn dei gjer på engelsk.

Føretrekker òg «ellipsar» framfor «ovalar». «Ovals» er noko ein av ein 
eller annan grunn brukar ein del på engelsk (kanskje for at ein trur det 
er meir lettforståeleg?), men på norsk er «ellipsar» meir vanleg (og 
presist!).

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.