Legacy

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
I LibreOffice (versjon 5.1 og kanskje tidlegare) er det to verktøylinjer 
med namnet «Legacy» i: «Legacy Rectangles» og «Legacy Circles and 
Ovals». (Vis -> Verktøylinjer -> Legacy …).

«Legacy Rectangles» lagar kvadrat og rektangel med eller utan avrunda 
hjørne, fylt eller berre omrisset.
Med «Legacy Circles and Ovals» kan ein teikna sirklar og ellipsar, fylt 
eller berre omriss. Verktøyet kan også brukast for å laga fylte eller 
ikkje fylte sektorar, segment og bogar.
Alle verktøya kan sjølvsagt lage figurar i valfri storleik.

Det finst også ei anna verktøylinje som inneheld dei same figurane, men 
då berre i fylt utgåve. Denne verktøylinja er kalla «Enkle former», 
figurane «rektangel», «ellipse» osv.

Førebels har eg omsett «Legacy» med «Valfrie», men er i tvil.
Trengst det eigentleg omsetjing av ordet? Vil «Sirklar og 
ovalar/ellipsar» og «Rektangel» vere nok?

Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit at 
det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte 
rektangel» passar ikkje heilt her ;-).

Vurderte også «Tradisjonelle rektangel / sirklar», men finst det 
utradisjonelle utgåver av desse figurane?

Takksam for hjelp og tips.

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.