Re: Sudoku-«cages» på norsk
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 31.01.2016 16:18, Karl Ove Hufthammer skreiv: > Karl Ove Hufthammer skreiv 14. jan. 2016 19:59: >> Spørsmålet er kva «cages» heiter på norsk. Svaret står sikkert i >> boka, men den boka har ikkje eg. Eg finn det naturleg å kalla dei >> felt, men «bur» er sjølvsagt òg ei løysing. Eller «område». Eller >> «boksar». Spørsmålet er altså ikkje kva det *bør* heita, men kva som >> no *vert* bruk som norsk term. Nokon som veit? > > Fekk aldri svar på denne, så til orientering eg enda opp med å kalla > det «bur» på norsk. Eg har diverre truleg oversett eller gløymd denne e-posten, kanskje fordi eg ikkje kjenner det spesielle spelet du viser til. Eg nøyer meg med å bruke blyant på sudoku-en i lokalavisa :-) Truleg ikkje heilt det same, men i GIMP har eg omsett «cage transforming» med «bur-transformering». Funksjonen blir brukt til å teikne eit «bur» på biletet og deretter deformere biletet ved å deformere buret. Hovudårsaka til namnevalet var, etter det eg hugsar, at både boksar, område og andre liknande ord var brukte i svært mange andre ulike samanhengar i programmet. Helsing Kolbjørn Stuestøl > > -- > Karl Ove Hufthammer > > > _______________________________________________ > i18n-no mailing list > [email protected] > https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no