Nye namn Lokalize-prosjektfiler for KDE
Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Til orientering har eg no endra namn på Lokalize-prosjektfilene for KDE i SVN. Dei heiter no kde-nynorsk.lokalize og kde-bokmal.lokalize i staden for dei gamle namna index.lokalize (og index.ktp for eldre Lokalize-versjonar). Eg gjer det slik for at det skal vera meir oversiktleg i lista over prosjekta. (Viss ein har mange prosjekt, er det litt uoversiktleg at alle heiter «index.lokalize».) Så viss nokon skal arbeida med KDE-omsettinga på nynorsk eller bokmål, må de altså passa på å opna dei nye prosjektfilene. (Alt anna fungerer som før.) -- Karl Ove Hufthammer