Nye formlar i LibreOffice

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Mon, 20 Jun 2016 14:14:09 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Versjon 5.2 av LibreOffice vil ta i bruk nokre nye formlar. Kva skal 
desse heite på norsk?

Tabell brukt i eksempla: Celle A1: Dette, A2: er, A3: ein, A4: tekst

CONCAT er ein litt endra versjon av CONCATENATE (KJEDA.SAMAN / 
KJEDE.SAMMEN).
I Excel er CONCAT omsett med KJED.SAMMEN. Føreslår å bruke det same, 
altså KJED.SAMAN / KJED.SAMMEN.

CONCAT(A1:A4) returnerer «Detteereintekst»
CONCATENAT(A1:A4) returnerer «er». Må skrivast som enkeltceller: 
(A1;A2;A3;A4)

TEXTJOIN gjer noko av det same som CONCAT, men set inn skiljeteikn 
mellom ledda.
TEXTJOIN(" ";SANN;A1:A4) returnerer «Dette er ein tekst». Det første 
teiknet i formelen er skiljeteiknet, her mellomrom (" "). SANN betyr at 
eventuelle tomme celler i området skal ignorerast.
Er ikkje omsett i Excel. Bør vel ha eit namn som viser at det er i 
familie med KJED.SAMAN?

IFS gjer noko av det same som IF (VISS), men kan ta fleire argument.
I Excel omsett med VISS.SANN. Føreslår å bruke same namnet.

Eksempel: IFS(vilkår;viss_sann;vilkår1;viss_sann;…)
Dette betyr at dersom vilkåret er sant, vil viss_sann bli utført, elles 
viss_usann.

IFS(A1="dette";A1;B1="Er";B1;C1="ein";C1;D1="tekst";D1)
Viss A1 = "dette", skriv ut A1 elles sjekk om B1 = "Er" osv.
Returnerer «ein» sidan A1 <> «dette» og B1 <> «Er».

MAXIFS hentar ut den største verdien som oppfyller eit krav.
MAXIFS(Maks_område;kriterieområde;kriterium)
Samanliknar verdiane i kriterieområdet med verdien i kriterium. Dersom 
fleire treff, blir den største motsvarande verdien i maks_området returnert.

Er i Excel omsett med MAKSHVIS. Føreslår å bruke same namnet. (nn: 
MAKSVISS).

MINIFS hentar ut den minste verdien som oppfyller eit krav. Elles som 
MAXIFS.

Er i Excel omsett med MINHVIS. Føreslår å bruke same namnet. (nn: MINVISS).

SWITCH kan samanliknast med å hente ut data frå ein tabell ved hjelp av 
indeksen.
SWITCH(B1;1;"søndag";2;"måndag";3;"tysdag";4;"onsdag";5;"torsdag";6;"fredag";7;"laurdag";"ingen 
treff")
Er B1 = 1, vil funksjonen returnere "søndag", er B1 = 5, blir resultatet 
"fredag" osv. Er B1 større enn 7 eller mindre enn 1, blir resultatet 
"ingen treff".

Er i Excel omsett med BRYTER. Eg veit at vi bør bruke mest mogleg same 
namna som er brukte i Excel, men her skurrar det etter mi meining.

LibreOffice 5.2 kan lastast ned som betaversjon frå 
https://www.libreoffice.org/

Håper på innvendingar/forslag.

Helsing

Kolbjørn Stuestøl