Re: Nye formlar i LibreOffice
Kjetil Torgrim Homme <[email protected]> Mon, 20 Jun 2016 17:40:08 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
må. den 20. 06. 2016 klokka 14.14 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
> TEXTJOIN gjer noko av det same som CONCAT, men set inn skiljeteikn
> mellom ledda.
> TEXTJOIN(" ";SANN;A1:A4) returnerer «Dette er ein tekst». Det første
> teiknet i formelen er skiljeteiknet, her mellomrom (" "). SANN betyr at
> eventuelle tomme celler i området skal ignorerast.
> Er ikkje omsett i Excel. Bør vel ha eit namn som viser at det er i
> familie med KJED.SAMAN?
kanskje SLÅ.SAMAN ?
> SWITCH kan samanliknast med å hente ut data frå ein tabell ved hjelp av
> indeksen.
> SWITCH(B1;1;"søndag";2;"måndag";3;"tysdag";4;"onsdag";5;"torsdag";6;"fredag";7;"laurdag";"ingen
> treff")
> Er B1 = 1, vil funksjonen returnere "søndag", er B1 = 5, blir resultatet
> "fredag" osv. Er B1 større enn 7 eller mindre enn 1, blir resultatet
> "ingen treff".
>
> Er i Excel omsett med BRYTER. Eg veit at vi bør bruke mest mogleg same
> namna som er brukte i Excel, men her skurrar det etter mi meining.
einig, sjølv om det skurrar på engelsk også. kanskje PLUKK / UTPLUKK /
UTVAL ?
ellers einig i framlegga dine.
--
venleg helsing,
Kjetil T.