Re: Nye formlar i LibreOffice
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Tue, 21 Jun 2016 21:39:31 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 21.06.2016 10:41, Kjetil Kilhavn skreiv:
> mandag 20. juni 2016 17.40.08 CEST skrev Kjetil Torgrim Homme:
>> må. den 20. 06. 2016 klokka 14.14 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
>>> TEXTJOIN gjer noko av det same som CONCAT, men set inn skiljeteikn
>>> mellom ledda.
>>> TEXTJOIN(" ";SANN;A1:A4) returnerer «Dette er ein tekst». Det første
>>> teiknet i formelen er skiljeteiknet, her mellomrom (" "). SANN betyr at
>>> eventuelle tomme celler i området skal ignorerast.
>>> Er ikkje omsett i Excel. Bør vel ha eit namn som viser at det er i
>>> familie med KJED.SAMAN?
>> kanskje SLÅ.SAMAN ?
> Eller TEKST.KJED.SAMAN()/SAMMEN() siden det allerede finnes en TEKST()-
> funksjon? (Eventuelt KJED.SAMAN.TEKST( )). Vil den nye funksjonen
>
> Skillet mellom concatenate og join er vel som skillet mellom "trekk sammen" og
> "slå sammen" - altså ganske hårfint.
Eventuelt KJED.SAMAN.TEKST?
Argumentet mitt er at då kjem desse funksjonane opp etter kvarandre i
utlistinga av funksjonar.
(KJED.SAMEN.MED.SKILJETEIKN blir for dumt etter mi meining, sjølv om
dette fortel alt om funksjonen).
>
>>> SWITCH kan samanliknast med å hente ut data frå ein tabell ved hjelp av
>>> indeksen.
>>> SWITCH(B1;1;"søndag";2;"måndag";3;"tysdag";4;"onsdag";5;"torsdag";6;"freda
>>> g";7;"laurdag";"ingen treff")
>>> Er B1 = 1, vil funksjonen returnere "søndag", er B1 = 5, blir resultatet
>>> "fredag" osv. Er B1 større enn 7 eller mindre enn 1, blir resultatet
>>> "ingen treff".
>>>
>>> Er i Excel omsett med BRYTER. Eg veit at vi bør bruke mest mogleg same
>>> namna som er brukte i Excel, men her skurrar det etter mi meining.
>> einig, sjølv om det skurrar på engelsk også. kanskje PLUKK / UTPLUKK /
>> UTVAL ?
>>
>> ellers einig i framlegga dine.
> SWITCH-funksjoner er brukt i mange programmeringsspråk.
> SAP sitt språk ABAP har en gammel lignende konstruksjon som er CASE ... WHEN
> ... WHEN ... WHEN OTHERS ... ENDCASE.
> CASE oppfører seg nøyaktig likt som IF ... ELSEIF ... ELSEIF ... ELSE ...
> ENDIF, men switch gjør ikke alltid det såvidt jeg husker. Forresten har vel
> shellscript også CASE ... ESAC.
>
> Både switch og case velger et utfall basert på en verdi (eventuelt basert på
> flere verdier, men jeg tror ikke jeg har vært borti det), så jeg synes
> egentlig "BRYTER" eller "VELGER" er en brukbar oversettelse. HVIS() er jo
> allerede brukt for IF, og I.FALL() eller I.TILFELLE( ) ser vel litt merkelig
> ut. Kanskje NÅR() eller NÅR.SÅ() slik at vi nærmer oss The Julekalender :-)
Ja, eg kjenner også CASE og SWITCH frå diverse programmeringsspråk, så
eg har ingen problem med å forstå kva funksjonen gjer. Men dei fleste
brukarane av Calc er vel ikkje programmerarar. Difor spørsmålet.
I programmering hentar SWITCH ut ei bestemt blokk av ei liste med
blokker. I Calc hentar SWITCH ein bestemt del av ei liste, eller som du
seier, *vel* ein bestemt del av lista. Calc har frå før funksjonen
VEL(), som hentar ut innhaldet frå ei bestemt celle i eit celleområde.
Helsing
Kolbjørn