Re: Nye formlar i LibreOffice
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Fri, 1 Jul 2016 10:25:30 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Det har ikkje vore den heilt store reaksjonen på forslaga mine, dvs.
ingen reaksjon i det heile.
Berre for å få ei avgjerd, legg eg difor inn desse omsetjingane:
CONCAT: KJED.SAMAN (er lagt inn)
IFS: VISS.SANN
MINIFS: MINVISS.SANN
MAXIFS: MAKSVISS.SANN
SWITCH: VEKSLA
TEXTJOIN : KJED.MED.SKILJETEIKN
Skulle du ha innvendingar, tar eg gjerne i mot desse her i forumet.
Omsetjingane blir ikkje synlege i LibreOffice før versjon 5.2 kjem ut i
løpet av første veka i august. Dette er nye funksjonar som ikkje finst i
versjonane før 5.2.
Helsing
Kolbjørn
Den 23.06.2016 17:50, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
> Førebels forslag:
>
> CONCAT: KJED.SAMAN
> IFS: VISS.SANN
> MINIFS: MINVISS / MINVISS.SANN
> MAXIFS: MAKSVISS / MAKSVISS.SANN
> SWITCH: VEKSLA / VEKSLA.INN
> TEXTJOIN : KJED.MED.SKILJETEIKN / KJED.SAMAN.TEKST
>
> og sjølvsagt tilsvarande på bokmål.
>
> Eg har ikkje lagt forslaga inn i Calc førebels, med unnatak av
> KJED.SAMAN.
> I følgje planen, skal LibreOffice 5.2.0 sleppast 1. august, så vi har
> litt tid på oss.
>
> Excel brukar MINVISS for MINIFS og MAKSVISS for MAXIFS. Eg føreslår å
> leggja til .SANN for å vise at dei høyrer saman med VISS.SANN. Kanskje
> unødvendig?
>
> Helsing
> Kolbjørn
>
>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
>
>