Re: Nye formlar i LibreOffice
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Thu, 7 Jul 2016 21:05:43 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Nå har eg lagt ut desse forslaga i omsetjingane for LibreOffice Calc:
CONCAT: KJED.SAMAN
IFS: VISS.SANN
MINIFS: MINVISS.SANN
MAXIFS: MAKSVISS.SANN
SWITCH: VEKSLA
TEXTJOIN : KJED.SAMAN.TEKST
Omsetjingane er førebels ikkje brukte i offisielle versjonar av
LibreOffice, så det er ingen problem å endra desse namna om ønskjeleg.
Filosofien er at funksjonar som gjer nokolunde det same har namn som
viser at dei høyrer saman.
Som du (kanskje) ser, er nokre av forslaga ulike dei eg først kom med
takk vere utspela her i forumet.
Eg reknar med at dei same namna også blir brukte i bokmål (sjølvsagt med
nødvendige språklege endringar).
Helsing
Kolbjørn
Den 01.07.2016 10:25, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
> Det har ikkje vore den heilt store reaksjonen på forslaga mine, dvs.
> ingen reaksjon i det heile.
> Berre for å få ei avgjerd, legg eg difor inn desse omsetjingane:
> CONCAT: KJED.SAMAN (er lagt inn)
> IFS: VISS.SANN
> MINIFS: MINVISS.SANN
> MAXIFS: MAKSVISS.SANN
> SWITCH: VEKSLA
> TEXTJOIN : KJED.MED.SKILJETEIKN
> Skulle du ha innvendingar, tar eg gjerne i mot desse her i forumet.
>
> Omsetjingane blir ikkje synlege i LibreOffice før versjon 5.2 kjem ut
> i løpet av første veka i august. Dette er nye funksjonar som ikkje
> finst i versjonane før 5.2.
> Helsing
> Kolbjørn