Re: Dashboard (LibreOffice Online)

Kjetil Torgrim Homme <[email protected]> Fri, 08 Jul 2016 11:31:40 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
to. den 07. 07. 2016 klokka 21.44 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
> LibreOffice har også ei online-utgåve. I filene som skal omsetjast for 
> dette programmet er det brukt ordet "dashboard". Er det nokon som har 
> tilgang til programmet som kan finne ut kva dashboard er i denne 
> samanhengen? Ordet er ikkje oppført i fellesordlista.
> Diverre er vi ikkje nok kundar i området der eg bur til at vi får 
> tilgang på skikkeleg Internett. Difor kan eg ikkje prøve ut denne utgåva 
> av LibreOffice.
> 
> Ordet er omsett slik i
> 
>     bokmål: Dashboard (ja, det står oppført som omsett)
>     dansk: Instrumentbræt
>     svensk: Instrumentpanel
>     tysk: Übersicht
> 
> Eg meiner å hugsa at dette ordet har vore diskutert i dette forumet 
> tidlegare, men finn ikkje tråden.
> 

utan å ha sett dette sjølv (fann ein online demo hos rollapp, men dei
hadde ikkje noko som kunne minne om "dashboard"), har eg trua på at det
er tyskarane som har forstått konseptet.  "dashboard" i vevsamanheng er
gjerne di personlege heimeside der du kan redigere kva element som skal
vere med.

så eg foreslår noko slikt som "startside", "heimeside", "oversikt",
"startpanel".  eg ville helst ikkje brukt "kontrollpanel", sidan det
gjerne vert brukt om der ein gjer brukarinnstillingar.

-- 

venleg helsing,
Kjetil T.