Re: Dashboard (LibreOffice Online)
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Fri, 8 Jul 2016 19:54:25 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 08.07.2016 11:31, Kjetil Torgrim Homme skreiv: > to. den 07. 07. 2016 klokka 21.44 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl: >> LibreOffice har også ei online-utgåve. I filene som skal omsetjast for >> dette programmet er det brukt ordet "dashboard". Er det nokon som har >> tilgang til programmet som kan finne ut kva dashboard er i denne >> samanhengen? Ordet er ikkje oppført i fellesordlista. >> Diverre er vi ikkje nok kundar i området der eg bur til at vi får >> tilgang på skikkeleg Internett. Difor kan eg ikkje prøve ut denne utgåva >> av LibreOffice. >> >> Ordet er omsett slik i >> >> bokmål: Dashboard (ja, det står oppført som omsett) >> dansk: Instrumentbræt >> svensk: Instrumentpanel >> tysk: Übersicht >> >> Eg meiner å hugsa at dette ordet har vore diskutert i dette forumet >> tidlegare, men finn ikkje tråden. >> > utan å ha sett dette sjølv (fann ein online demo hos rollapp, men dei > hadde ikkje noko som kunne minne om "dashboard"), har eg trua på at det > er tyskarane som har forstått konseptet. "dashboard" i vevsamanheng er > gjerne di personlege heimeside der du kan redigere kva element som skal > vere med. > > så eg foreslår noko slikt som "startside", "heimeside", "oversikt", > "startpanel". eg ville helst ikkje brukt "kontrollpanel", sidan det > gjerne vert brukt om der ein gjer brukarinnstillingar. > Mykje av LibreOffice blir utvikla i Tyskland, så difor har eg alltid mellom andre tysk ope når eg omsett programmet. Mange kode-ID-ar er for eksempel på tysk. Difor trur eg du har rett i forslaga dine. Som sagt, veit eg ikkje kva "dashboard" er i LibreOffice Online. Bør kanskje ta med ein PC til siviliserte strok (dvs. med breiband) og prøve å finne det ut? Helsing Kolbjørn