Re: Dashboard (LibreOffice Online)

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Sat, 16 Jul 2016 12:45:35 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Eg har nå omsett Dashboard med Oversyn.
Skulle det vere heilt feil, er det råd å endre seinare.
Kolbjørn


Den 08.07.2016 19:54, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
> Den 08.07.2016 11:31, Kjetil Torgrim Homme skreiv:
>> to. den 07. 07. 2016 klokka 21.44 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
>>> LibreOffice har også ei online-utgåve. I filene som skal omsetjast for
>>> dette programmet er det brukt ordet "dashboard". Er det nokon som har
>>> tilgang til programmet som kan finne ut kva dashboard er i denne
>>> samanhengen? Ordet er ikkje oppført i fellesordlista.
>>> Diverre er vi ikkje nok kundar i området der eg bur til at vi får
>>> tilgang på skikkeleg Internett. Difor kan eg ikkje prøve ut denne 
>>> utgåva
>>> av LibreOffice.
>>>
>>> Ordet er omsett slik i
>>>
>>>      bokmål: Dashboard (ja, det står oppført som omsett)
>>>      dansk: Instrumentbræt
>>>      svensk: Instrumentpanel
>>>      tysk: Übersicht
>>>
>>> Eg meiner å hugsa at dette ordet har vore diskutert i dette forumet
>>> tidlegare, men finn ikkje tråden.
>>>
>> utan å ha sett dette sjølv (fann ein online demo hos rollapp, men dei
>> hadde ikkje noko som kunne minne om "dashboard"), har eg trua på at det
>> er tyskarane som har forstått konseptet.  "dashboard" i vevsamanheng er
>> gjerne di personlege heimeside der du kan redigere kva element som skal
>> vere med.
>>
>> så eg foreslår noko slikt som "startside", "heimeside", "oversikt",
>> "startpanel".  eg ville helst ikkje brukt "kontrollpanel", sidan det
>> gjerne vert brukt om der ein gjer brukarinnstillingar.
>>
> Mykje av LibreOffice blir utvikla i Tyskland, så difor har eg alltid 
> mellom andre tysk ope når eg omsett programmet. Mange kode-ID-ar er 
> for eksempel på tysk. Difor trur eg du har rett i forslaga dine.
> Som sagt, veit eg ikkje kva "dashboard" er i LibreOffice Online. Bør 
> kanskje ta med ein PC til siviliserte strok (dvs. med breiband) og 
> prøve å finne det ut?
> Helsing
> Kolbjørn
>
> _______________________________________________
> i18n-no mailing list
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no