Re: Flytting av KDE-omsettingsfilene til KDE

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Fri, 23 Sep 2016 10:01:12 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kjetil Torgrim Homme skreiv 18. sep. 2016 20:40:
> vi er også registrar for alle Skulelinux-domena, så koordinere endring 
> i DNS er ei smal sak.  poenget mitt er at det ikkje ville vere noko 
> problem å flytte aliaset i18n.skulelinux.no til denne VM-en om det 
> skulle vere ønskje om det. 

Supert. I grunnen er det kanskje like greitt å fjerna dei fleste sidene 
på i18n.skulelinux.no; dei ser ikkje ut til at dei har blitt oppdatert 
på 10+ år, og mykje av informasjonen synest utdatert. Det som bør vera 
med på ein eventuell ny/oppdatert nettstad, er

   – Dei språklege retningslinjene våre: 
http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
   – Fellesordlista: http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
   – Oversikta over namn på språk og land: 
http://i18n.skolelinux.no/kodar/sprak.html og 
http://i18n.skolelinux.no/kodar/land.html
   – Informasjon om dei fire e-postlistene våre (i18n-*)
   – Kanskje kontaktinformasjon om ulike (større?) omsettingsprosjekt, 
dvs. e-postadresse til koordinator og/eller lenkje til omsettingssider 
der dette finst?

I tillegg kan det sjølvsagt vera mykje praktisk informasjon om alt som 
har med omsetting å gjera, men problemet med dette er at nokon må 
*skriva* og vedlikehalda dette, og me er få aktive omsettarar. Og me som 
er, er gjerne opptatt med å faktisk *omsetta*. Så den beste plassen å få 
oppdatert informasjon for potensielle bidragsytarar vil nok framleis 
vera i18n-no-lista.

-- 
Karl Ove Hufthammer