Ispell-ordlister med Affix-filer i Hunspell-format

"Leif Halvard Silli" <[email protected]> Thu, 29 Sep 2016 03:15:25 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Hei.  Spell-norwegian-heimsida[1] seier at prosjektet inneheld:

* Affix rules (in ispell format, automatically transformed to aspell and 
myspell format).

Så då eg lasta ned ordbokpakka (no_NO-pack2-2.2.zip[2]), venta eg at 
dei affiksfilene som fylgde med, var ispell-kompatible. Og òg 
Readme-fila i denne pakka opplyser at det er ei Ispell-pakke: 
«README-file for the distribution of the Norwegian dictionaries for 
ISPELL.»

Men då eg køyrde Ispell sin hash-produksjonskommando[3], fekk eg 
melding om feil på fyrste line i affiks-fila. (Eg fek òg melding om 
feil i ordboka - men dette retta seg når eg sette lineskiftformat til 
MacOS format - spør meg ikkje kvifor.)

Grunnen til feilmeldinga for affiksfilene syner seg vera at dei 
affiks-filene som vert distribuerte i denne paka, er i Hunspell-format - 
og ikkje i Ispell-format.

Dei opphavlege - og Ispell-kompatible - affiks-filene, ligg i staden i  
spell-norwegian-pakka[4] og heiter "nn.aff.in" og "nb.aff.in". Då eg 
køyrde buildhash mot desse filene (iallfall galdt det 
bokmålsversjonen), gjekk det stort sett bra - men det kom nokre 
feilmeldingar  (for orddboksord som hadde punktum i seg mm). Eg veit 
ikkje om dette kom av avgrensingar i Ispell eller om det kom av at 
ispell-affiksfilene ikkje har vore oppdaterte på ei stund eller om 
ordbøkene ikkje lenger er ispell-kompatible.

At sjølve ordbokpakka manglar affiksfiler i Ispell-format, ser ut til 
å ha vore tilfelle i mange år.

Framlegg (under føresetnad av at ispell og hunspell har same 
ordbokformat): Affiksfilene for både ispell og hunspell (og aspell?) 
bør distribuerast saman med ordboksfilene (og det bør gå fram av 
namnet på affiksfilene kva for eit affiksfilformat det er snakk om).

[1] http://no.speling.org/
[2] 
https://alioth.debian.org/frs/download.php/file/4168/no_NO-pack2-2.2.zip
[3] buildhash nn_NO.dic nn_NO.aff nn_NO.hash
[4] 
https://alioth.debian.org/frs/download.php/file/4167/spell-norwegian-2.2.tar.gz

Med venleg helsing
Leif Halvard Silli