Re: Flytting av KDE-omsettingsfilene til KDE
Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Tue, 11 Oct 2016 23:04:42 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Karl Ove Hufthammer skreiv 12. sep. 2016 21:56:
> Frå KDE si side har det nyleg komme forslag/ønske om at me i staden
> for å ha vårt eksterne/lokale SVN-depot skal bruka KDE-depotet
> direkte. Dette vil gjera nokre tekniske ting enklare.
Fekk aldri nokon protestar på dette, so frå og med *no* er
KDE-omsettingsprosjektet for bokmål, nynorsk og nordsamisk offisielt
flytta til SVN-depotet for KDE!
Eg vil framleis halda fram som omsettingskoordinator og
1. Oppdatera omsettingsfilene med dei siste endringane frå
KDE-programma/-biblioteka (regelmessig eller etter behov).
2. Tilbakeføra omsettingane til dei (per dags dato fire) ulike
versjonsgreinene av KDE-programma/-biblioteka, slik at dei vert med
i nye/oppdaterte program som vert gjevne ut.
3. Utføra ulike vedlikehaldsoppgåver i samband med dette.
4. Svara på spørsmål og hjelpa både gamle og nye omsettarar.
Ta kontakt med meg viss du vil bidra i omsettingsarbeidet.
Nokre praktiske opplysningar: Me vil framleis halda fram å bruka
«summit»-arbeidsflyten, som dramatisk forenklar mengda arbeid som må
gjerast (enkelt sagt kan me støtta fire ulike versjonsgreiner av eit
program samtidig, frå éi kjeldefil). Dette medfører at alle omsettingane
*skal* gjerast i mappa trunk/l10n-support/språkkkode (der «språkkode» er
nn, nb eller se); sjå for eksempel
https://websvn.kde.org/trunk/l10n-support/
Eg har overført dei mest nyttige skripta våre til mappa
trunk/l10n-supprt/nn/skript. Hos KDE har me ikkje ei fellesmappe for
alle dei tre skriftspråka våre, so eg valde å legga filene i
nynorskmappa. Eg vil sletta dei tilsvarande mappa i Skulelinux-depotet
etter ein del testing for å sikra at alt fungerer som det skal.
Har dokker spørsmål, spør her på lista eller med e-post direkte til meg.
--
Karl Ove Hufthammer